Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Hovudinngang og adkomst

Dei ulike byggeprosjekta ved Ålesund sjukehus gjer det naudsynt å flytte hovudinngangen frå sørsida til nordsida. Prosjektet Bypakke Ålesund skal også etablere nytt kollektivpunkt for sjukehuset ved Borgundvegen som inneber ny adkomst til sjukehuset frå nord.

05_Final.png

Foreløpig skisse på korleis den nye hovudinngangen er tenkt, samt adkomstorg.



Vestibyleområde mot sør omfattar venteområde, kiosk og sentralbord/ekspedisjon. Det nye akuttmottaket med ny ambulanseinngang og kjørevei for ambulansar, kjem i konflikt med persontrafikk mot eksisterande hovudinngang og denne må difor stengast for pasientar og besøkande. Ny hovudinngang skal byggast ved inngangen til Sykehusapoteket med universell tilkomst til sjukehuset for gåande og kjørande.

Ålesund kommune og Statens vegvesen skal i Bypakke Ålesund fjerne dagens busstopp nede på sjukehusområdet, og flytte den til ei ny og forbedra busslomme på hovudvegen, nord for sjukehuset. For å korte distansen frå ny busslomme i nord til sjukehuset er det nødvendig å etablere ein ny universell utforma adkomst med trapper, gangvegar og heis.



Sist oppdatert 20.04.2023