Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ombygging operasjon

Operasjonsavdelinga ligg godt plassert i bygget, men har behov for ei kraftig oppgradering. Mykje av dagens fastmonterte utstyr og teknikk er frå 1971.

Ved ombygginga av døgnoperasjonen ved sjukehuset skal ein få:
- Operasjonsstuer tilpassa moderne standard
- Standardisering som gir fleksibilitet
- Størrelse og utforming av operasjonsstuer som tilrettelegg for framtidige kirurgiske behov
- Betre tilrettelegging av lagerhold og rask tilgang til utstyr
- Betre tilrettelegging av vareforsyning og avfallshandtering


Sist oppdatert 18.04.2023