Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ventilasjon

Ålesund sjukehus sitt ventilasjonsanlegg er i hovudsak frå byggeår med enkelte oppgraderingar. Anlegget tilfredsstiller ikkje dagens krav til ventilasjon. Sjukehuset har også store utfordringar med å skaffe nye deler ved havari.

​Prosjekt ventilasjon omfattar dei delane av 1971 sjukehuset som ikkje blir ombygd i AIO-prosjektet. Oppgradert ventilasjonsanlegg vil gi:

- Betre lufttilførsel
- Høgare varmegjenvinning/energieffektivitet
- Kjøling
- Luktreduksjon
- Behovsstyrt luftmengder til ulike typer areal som kontor og operasjonsstuer​

Sist oppdatert 18.04.2023