Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
En bygning med biler parkert foran

Knausensenteret

Knausensenteret har tilbod for barn/unge og vaksne. Senteret har følgjande seksjonar: Poliklinikk for barn og unge (BUP), familieseksjon BUP (innlegging), distriktspsykiatrisk senter (DPS) poliklinikk, distriktspsykiatrisk senter (DPS) døgneining.

Kontakt

Sentralbord
En parkeringsplass foran en bygning

Slik finn du fram

Adresse

Nøisomhedvegen 12
6416 Molde

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Kantina​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ ved hovudinngangen på Knausen. Velkomen!

Opningstider:

  • Måndag - fredag: 11.00 - 14.00
  • Laurdag og søndag: stengt

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

Besøkstider

Avdelingane i Helse Møre og Romsdal har ulike besøkstider. Tidene står på dei aktuelle avdelingssidene. Finn du ikkje besøkstida til ein spesifikk avdeling? Gi oss ei tilbakemelding i feltet "Fann du det du leita etter?" nedst på sida.
Finn avdeling her
To damer på besøk med pasient i daglegstova.