Definisjonar; ulike typar forskingsprosjekt. Pkt 1. 2 i registreringsskjema

Hjelp til utfylling av pkt 1.2 i skjemaet Registrering av forskingsprosjekt og kvalitetssikringsprosjekt

Medisinsk og helsefagleg forsking:  «virksomhet som utføres med vitenskapelig metodikk for å skaffe til veie ny kunnskap om helse og sykdom»,jf § 2 og  § 4 a i helseforskingslova. 
Helsetenesteforsking: «Health services research is the multidisciplinary field of scientific investigation that studies how social factors, financing systems, organisational structures and processes, health technologies, and personal behaviours affect access to health care, the quality and cost of health care, and ultimately our health and well-being», jf «Forslag til nasjonalt satsingsområde Helsetjenesteforskning» s 4
Klinisk forsking: «Kliniske studier, eller utprøvende behandling, er studier som utføres på mennesker for å undersøke virkning av legemidler eller andre behandlingsmetoder, men også for å undersøke hvordan medikamenter omdannes i kroppen og om bivirkningene er akseptable. Målet med kliniske studier er å få økt kunnskap om sykdommer som kan ramme oss, hvilke typer behandling som kan gis, og hvilken behandling som er den beste.».  Definisjon henta frå Helsenorge.
Registerforsking:  Forsking eller kvalitetssikring med bruk av data frå nasjonale, regionale eller lokale helseregister/kvalitetsregister.  Sjå sida til Nasjonalt servicemiljø for medisinske kvalitetsregister for meir informasjon.
Kvalitetssikringsprosjekt:   Regionale etiske komitear anbefalar å stille tre spørsmål for å skilje mellom kvalitetssikring og forsking:
1. Er føremålet med prosjektet at ein vil prøve å betre kvaliteten på pasientbehandling i lokal setting?
2. Vil prosjektet evaluere praksis opp mot standardar?
3. Skal pasienten gjennomgå noko som ikkje er del av normal behandling for aktuell tilstand?
Viss svaret på eitt eller begge av dei to første spørsmåla er ja, og svaret på det tredje er nei, er det kvalitetssikringsstudie, som mest sannsynleg bør gjennomførast i samsvar med § 26 i helsepersonnellova og § 6 i pasientjournallova.
Multisenterprosjekt:  Forsking som blir gjort på fleire institusjonar samtidig, og etter same protokoll, jf § 6 i helseforskingsforskrifta
Legemiddelutprøving:  Klinisk utprøving av legemiddel på menneske, både på pasientar og på friske personar.  Jf forskrift om klinisk utprøving av legemidler til mennesker.  Legemiddelutprøvingar blir oftast gjennomførte som nasjonale eller internasjonale multisenterstudiar.
Studenprosjekt:  Oftast masteroppgåve eller forskingsprosjekt knytt til medisinstudiet.  Kan også vere bacheloroppgåve.
Translasjonsforsking: Translasjonsforskning, medisinsk forsking som byggjer bru mellom grunnforsking og klinisk forskning. Denne typen forsking tar sikte på å omsette kunnskap frå basalfagene til praktisk bruk i pasientbehandlingen. (Henta frå Store medisinske leksikon)
Grunnforsking:  eksperimentell eller teoretisk aktivitet som blir gjort for å få fram ny kunnskap om det underliggande grunnlaget for fenomen og observerbare fakta, utan sikte på spesiell anvendelse eller bruk, til forskjell fra anvendt forsking, som først og fremst er retta mot praktiske mål eller praktisk bruk. (Henta frå Store medisinske leksikon.)
Lokalt kvalitetsregister: Register som skal brukast til kvalitetssikring av behandling av pasientar, anten i samsvar med § 26 i helsepersonellova/§ 6 i pasientjournallova, eller i samsvar med helseregisterlova.
Nasjonale eller regionale helseregister:  Nokre gonger hender det at forsking er knytt til oppretting av regionale eller nasjonale kvalitetsregister, eller at utlevering av data til nasjonale eller regionale helseregister er knytt til eit multisenterprosjekt.
Forskingsprosjekt utan bruk av pasientopplysningar: Kan gjelde forskingsprosjekt der det er brukt opplysningar om/frå tilsette eller andre informantar som ikkje er pasientar, forskingsprosjekt der ein ikkje brukar opplysningar om eller frå personar.

 

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.