Molde behandlingssenter si venneforeining

Brukarane av Molde behandlingssenter har ei gruppe frivillige brubyggjarar, som er organiserte i "Veksthusets Venner", og som:

  • Bidreg til nettverksbygging
  • Er kontaktskaparar til normalt samfunnsliv
  • Byggjer ned" barrierar mot vanleg sosial fungering
  • Medverkar til å gjere krevjande dagar litt enklare

I denne foreininga kan du sjå andre sider ved den rusavhengige. Du får oppleve livsglede som alternativ til eit liv i rus, og du får gi meiningsfulle bidrag til menneske i kampen deira for livet sitt. Veksthuset Venner ønskjer å rette merksemda mot at det nyttar å bry seg; det nyttar å skape alternativ, og det er eit gode å få ta del i samfunnsnyttig verksemd.

Veksthusets Venner handlar om:

  •  Kulturelle aktivitetar
  •  Sosiale arrangement
  • Besøkskveldar
  • Arrangement for familie og venner
  • Dugnadsaktivitetar
  • Haldningsskapande arbeid


 

Aktivitetsplan 2016 finn du her.

 

Styret:

Jarle Sanden, styreleiar

Knut Bertil Øygard, nestleiar

Rigmor Johansen, styremedlem

Lars Ottesen, styremedlem

Eli Britt Asprem, styremedlem

 

Årsmøtet 2014 vart halde 11.02.14.

 
•Ny brosjyre Venneforeiningen

 

I juni 2008 fekk foreininga Rusbehandling Midt-Norges Frivillighetspris. Sjå omtale i Romsdals Budstikke frå 12. juni 2008.


Medlemskap i foreininga kostar kr 200,- pr år for enkeltpersonar, og kr 1 000,- for føretak/organisasjonar. For ektepar/sambuarar er kontingenten kr 300,-  Medlemskap blir registrert ved innbetaling til konto 9650.47.25771.

Kontakt oss: veksthusvenn@helse-mr.no

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.