Achiles

Bakgrunn og føremål:
Dette er eit forskingsprosjekt som inneber utprøving av legemiddelet atezolizumab (Tecentriqâ). Føremålet med studien er å undersøke om immunterapi med atezolizumab forlengar overlevinga hos pasientar med småcella lungekreft i begrensa stadium.

Gjennomføring:
Alle pasientar som kan delta i studien får først den vanlege behandlinga mot sjukdomen med 4 cellegiftkurar og strålebehandling mot alle svulstane i lunga og brysthula. Dei som har god effekt av behandlinga får tilbud om strålebehandling mot hjerna for å førebygge spredning dit. Etter den vanlege behandlinga, og dersom du passar inn i studien og har samtykka til å delta i studien vil du bli trukke ut til å enten få immunterapi med atezolizumab intravenøst kvar 3. uke i inntil 12 månader (den nye behandlingen) eller følgjast opp med kontrollar slik vi gjer i dag. Alle deltakarar vil følgjast av lege for å måle effekten av behandling. 

Lenke:
https://stolav.no/kliniske-studier/immunterapi-til-pasienter-med-smacellet-lungekreft-i-begrenset-stadium-achiles

Kontaktinformasjon:
Har du spørsmål til studien, ta kontakt med prosjektleiar Bjørn H. Grønberg, professor ved NTNU og overlege ved Kreftklinikken, St. Olavs hospital i Trondheim, epost bjorn.h.gronberg@ntnu.no, tlf 72 82 61 70, eller mobil 472 97 878.
Ansvarleg lege i Helse Møre om Romsdal Øyvind Yksnøy, seksjonsoverlege lungemedisinsk avdeling.

Dersom du bur i Møre og Romsdal kontakt:
Ålesund sjukehus: Klinisk forskingspost telefon 70106192.

Fann du det du leita etter?