HELSENORGE

ADHD - foreldre/foresatte - Ålesund - digitalt

Opplæring for foreldre/ føresette til barn og ungdom med ADHD som ønskjer kunnskap om og forståing for utfordringar til barnet i samband med diagnosen. Fagpersonar kan delta halve dag 2.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Ønsker du å delta på opplæringa så ta kontakt med din fastlege for tilvising til kurset. Den skal sendast til same adresse som påmeldinga.

Merkast med namnet til kurset: «ADHD kurs for foreldre/føresette».

Er familien allereie til behandling i spesialisthelsetenesta ved Klinikk for psykisk helse og rus, treng ein ikkje tilvising.

Kvifor delta på kurs

Opplæring for foreldre/ føresette til barn og ungdom med ADHD som ønskjer kunnskap om og forståing for utfordringar til barnet i samband med diagnosen. Dagane vil veksle mellom informasjon og forelesing fra fagpersonar, og samtale i gruppa om korleis ein kan meistre kvardagen.

Vi oppfordrer begge foreldre til å delta på opplæringa. Om de ikkje får delta no, går dette kurstilbodet kontinuerlig.


 

Innhald

  • Brukarhistorier
  • Informasjon om ADHD-foreininga
  • Om diagnose og diagnosekriteriar
  • Medikamentell behandling
  • Samtale og refleksjonar kring ADHD
  • Rettar og moglegheiter
  • Foreldrerettleiing
  • Tilrettelegging, tiltak, tilpassing og hjelpemiddel i barnehage, grunnskule og vidaregåande
  • Samarbeid heim - skole
  • Å vere open om diagnose

Det vil bli moglegheiter for spørsmål, refleksjonar, oppgåver og pausar undervegs i programmet. Med atterhald om endringar.
     

Praktiske opplysningar

Foreldre/føresette og skulen må sjølve melde seg på opplæringa på telefon til BUP Ålesund: 70 16 72 00.

Oppgi namnet på barnet, fødselsdato, epostadresse, telefon, adresse og skule.

Dersom du ikkje kan møte på opplæringa må du avbestille snarast og seinast 24 timer før på telefon 70 16 72 00. Dersom du ikkje avbestiller blir du belasta med eit gebyr

Kurstilbodet er digitalt, de vil få kurslenke og info tilsendt per e-post.

Rettar, eigenandel og opplæringspengar

Ingen eigenandel.

Det kan søkjast om opplæringspengar for deg som er yrkesaktiv og som har omsorg for eit langvarig sjukt eller funksjonshemma barn, dersom opplæringa er naudsynt for å kunne følgje opp barnet.
Opplæringspengar blir rekna på same måte som sjukepengar, og skal erstatte tap av arbeidsinntekt ved fråvær frå arbeid for å vere med på opplæringa.
Nærare informasjon vil bli gitt i starten av kurset og du finn også informasjon her

Lenke til informasjon om opplæringspengar og andre rettar finn du her

Nyttige nettsider

Støtteordningar for familiar (e-læringskurs frå St.Olavs)

ADHD Norge

Fann du det du leita etter?