HELSENORGE

Autisme / Asperger syndrom - foreldre til barn - Molde

Kurs for foreldre til barn med autisme/asperger syndrom.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Ønskjer du/dykk å delta på opplæringa, ta kontakt med fastlegen din for tilvising.
Er familia i behandling i spesialisthelsetenesta ved klinikk for kvinner, barn og ungdom treng de ikkje ny tilvisning

Kvifor delta

Med kurset ønsker vi at foreldre/foresatte og skole- og barnehageansatte skal få auka kunnskap om kva autisme/asperger syndrom er og korleis ein kan møte barn og unge med autisme/asperger syndrom både i hjemmet og i skole- og barnehagekvardagen. Vi ønsker å skape auka forståing og meistring i rolla som forelder/føresett og fagperson.

Vi oppmodar begge foreldre til å delta på opplæringa.

Innhald

  • Kva er Autismespektervanskar - kva veit vi om årsak og tilleggsvanskar?

  • Familieperspektivet og åpenheit om diagnosa

  • Foreldrerolla, familiesituasjon, søsken og samspel

  • Skolekvardagen

  • Erfaringsutveksling med samtaletema

  • Tilrettelegging skole og samarbeid hjem-skole

  • Verktøy for å gi oversikt og auka forståing

  • Ein vaksen ungdom med autismespektervanskar fortel om sin kvardag og skoleoppleving

  • Innlegg frå Autismeforeininga fylkeslaget i Møre og Romsdal

  • Tilrettelegging i heimen - en mors nytte av å skape oversikt og førebuing v/foreldrerepresentant


Praktiske opplysingar

Rettar, eigenandel og opplæringspengar

Ingen eigenandel

Det kan søkjast om opplæringspengar for deg som er yrkesaktiv og som har omsorg for et longvarig sjukt eller funksjonshemma barn. Opplæringspengar bereknast på same måte som sjukepengar, og skal erstatte tap av arbeidsinntekt ved fråvær frå arbeid for å vere med under opplæringa.

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her

Nyttige nettsider

Støtteordninger for familier i barne- og ungdomspsykiatrien - St. Olavs hospital (stolav.no)

 Autismeforeningen i Norge, Møre og Romsdal fylkeslag

Fann du det du leita etter?