Brystkreft - Ålesund

For pasientar med brystkreft og deira pårørande

Tilvising

Alle pasientar som blir behandla for brystkreft i Møre og Romsdal blir tilvist brystkreftskulen automatisk. Om du ikkje har fått invitasjon til kurs kan du kontakte arrangør.


Kvifor delta på kurs

Kurset gir deg ei grundig innføring i kva vurderingar som ligg til grunn for valet av det behandlingstilbodet du får for din kreftsjukdom, korleis behandlinga blir gjennomført og kva du sjølv kan gjere for å ha best mogeleg helse undervegs i forlaupet. Innhaldet i undervisninga er retta mot pasientar med brystkreft. Kurset er relevant som førebuing før start av behandlinga, men også for dei som har fullført si behandling. Undervisninga er tverrfagleg.


Innhald

  • Kva for ei behandling skal eg ha? Kven skal ha tilleggsbehandling
  • Biverknadar
  • Kjemoterapi/Cellegift
  • Fysisk aktivitet 
  • Stråleterapi 
  • Ernæring
  • Rettar


Praktiske opplysningar

Betalingsparkering på tilviste plassar ved sjukehuset. Du får dekt reise etter Pasientreiser ANS sine takstar. Treng du anna transport, ta kontakt med fastlegen din.


Rettar og Eigenandel

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.

Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her


Nyttige nettsider










Fann du det du leita etter?