HELSENORGE

Helsepedagogikk

Kurs, Læring og meistringssenteret

Lærings- og meistringssenteret arrangerer årleg kurs i helsepedagogikk i Møre og Romsdal i samarbeid med ulike partar. Neste kurs er planlagt hausten 2023.

Målgruppe

Tilsette og helsepersonell i kommunar, tilsette/ helsepersonell i Helse Møre og Romsdal samt brukarrepresentantar.

Målsetting med kurset

Sette tilsette og brukarrepresentantar i stand til å gjennomføre og utvikle opplæringstiltak for pasientar og pårørande, i hovedsak gruppebaserte tilbod. Dette for å fremme læring om helse og sjudom, styrke meistring og gode livsval når sjukdom eller skade oppstår.

Meir om kurset

Dei helsepedagogiske kursa er gratis, dekker heile fylket og varer ca. 2 - 3 dagar. Kurset er ofte fysisk i nærleiken av eit av sjukehusa i Møre og Romsdal, men kurset kan også vere (delvis) digitalt. Meir informasjon og program vert tilsendt. 

Kurset inneheld mellom anna tema som pedagogikk i helsetenestene, brukarmedverknad, helsekompetanse, presentasjonsteknikk, gruppe- og gruppeprosessardidaktikk og mestring. I tillegg til fokus på digital opplæring og markedsføring. 

Kursa baserer seg på Regional rammeplan for helsepedagogikk i Helse Midt-Noreg (pdf) 
I tillegg til Rettleiar for digital opplæring for pasientar og pårørande der dette er relevant.

Påmelding via Læringsportalen til Helse-Midt vert lagt ut når kurset nærmar seg. 

Kursa er søkt inn for godkjenning til ulike helsefaglege vidareutdanningar.

Når og kor

Stad
Molde sjukehus
Avklarast
 
Arrangør
Lærings- og meistringssenteret
 
Medarrangør

Kristiansund og Aure frislivssentral, Ålesund kommune, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) og LMS (med atterhald om samarbeidspartar)

Kontaktinformasjon
Astrid Ljøkjell Solem, teamkoordinator LMS
 
Meir informasjon
astrid.ljokjell.solem@helse-mr.no  
Fann du det du leita etter?