Kvifor delta
Seinfaserehabilitering er eit gruppetilbod med fokus på meistring av endra livssituasjon. Gruppeopphaldet er retta mot personar med kognitiv svikt etter erverva hjerneskade. Årsak til hjerneskade kan mellom anna vere hjerneslag, traumatisk hodeskade (TBI), svulstar, hjernebetennelse, løysemiddelskade ol.
Kriterier for inntak til gruppetilbodet:
- Personar i yrkesaktiv alder (16—67 år)
- Seinforløp, ferdig med primærrehabilitering med erfaring frå dagligliv heime, frå ca. 1 1/2 år etter skade
- Motivert til å arbeide med eigne utfordringer i gruppe
- Sjølvhjulpen og må ha språklige ferdigheiter
Målet er at du får kunnskap om din sjukdom/skade og lærer mestringsstrategiar på korleis takle ein kvardag med kognitive vanskar. Vi ønsker å legge til rette for at du får utvikla ditt potensial så langt som mogleg på områder som eigenomsorg, fritidsaktivitetar, familieliv, utdanning, arbeidsliv og samfunnsliv.
Innhald
Seinfaserehabilitering mestringskurs etter erverva hjerneskade er eit årleg 10 dagers gruppeopphald som gjennomførast i veke 35 og fortsetter i veke 38 i 2022.
Tilbudet drives av et tverrfaglig rehabiliteringsteam ved rehabiliteringssengeposten ved Ålesund sjukehus.
For å sikre at du vil få nytte av oppholdet gjennomførast det ein poliklinisk samtale i forkant for å avklare om du er aktuell deltakar til senfaserehabiliteringa. I samtalen kartlegg vi også om du har pårørande som ynskjer å vere med på tilbodet. Det er eige pårørandetilbod to kveldar ila kursdagane.
Sjå utdjupande informasjon under Tilvising.
Arbeidsmåtar:
Tilbodet er todelt. Den ene delen består av undervisning og veiledning, mens den andre går ut på nytte deltakernes kunnskaps- og erfaringsutveksling.
Tema for undervisning kan vere:
- Hjernens oppbygging og funksjon
- Hjerneskader, skademekanismer, konsekvenser
- Kognitive vansker
- Rettigheter
- Rehabilitering
- Arbeidsliv
- Samliv / familie
- Fysisk aktivitet
Praktiske opplysningar
Dette er eit døgntilbod, så du er inneliggande ved avdelinga så lenge du deltek på kurset og er innlosjert ved pasienthotellet under opphaldet. Det meste av undervisninga/tilbodet skjer på dagtid. Ta kontakt med avdelinga for ytterlegare avklaringar.
Bevertning på pasienthotellet. Vennligst oppgi i tilvisinga om du har spesielle behov vi skal ta omsyn til.
Rettar og eigenandel
Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon for dette kurstilbodet. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her
Nyttige nettsider
LHL Hjerneslag
Landsforeningen for slagrammede (LFS)
Hjernerådet (Pasient- og brukerorganisasjoner)