Det er plass til 9-10 deltakarar på seinfasetilbodet.
Vi er eit tverrfagleg team frå rehabiliteringssengeposten som driv tilbodet. Teamet består av:
- nevropsykolog
- overlege
- sosionom
- sjukepleiar
- fysioterapeut
- ergoterapeut
Fagpersonalet er i det daglege ein del av eit større team som arbeider med utgreiing og poliklinisk oppfølging av personar med kognitiv svikt. Teamet har også erfaring frå rehabiliteringsarbeid i døgnavdelinga
Målsetting
Målet med seinfasetilbodet er:
- At du skal fungere betre i kvardagslivet
- At du skal få innsikt i eigen tilstand og kva dette fører til for din situasjon
- At du skal få informasjon om kompanserande metodar og hjelpemiddel
- At du får utveksle erfaringar med andre som har liknande vanskar
Læringsmetodar
- Gruppeundervising
- Samtale
- Erfaringsutveksling og diskusjon
- Gruppearbeid
- Praktisk trening
- Jobbe med eigne mål
Å leve med kognitive vanskar
Mange pasientar med kognitive vanskar etter erverva hjerneskade opplev at deira usynlege handikap er vanskeleg å forstå for andre. Å leve med kognitive vanskar kan få konsekvensar for kva ein tenker om seg sjølv, det kan påverke familielivet, det sosiale og yrkeslivet.
Eksempel på kognitiv svikt kan vere vanskar med å hugse, kontrollere følelsar, manglande initiativ og vanskar med å planlegge aktivitetar. Nokre slike vanskar opplev ein sjølv, mens andre gongar er det ektefelle, barn eller kollegaer som merkar det mest. Kognitiv svikt kan oppstå åleine eller i lag med motoriske utfall (lammingar).
Praktisk informasjon om gruppetilbodet
Ein blir innlagd på sengeposten dei to vekene gruppetilbodet varer.