Kvifor delta
Gruppeopphaldet er eit seinfasetilbod til personar som er ramma av hjerneslag, og som har kome heim igjen etter primærrehabilitering. Gruppa er samansett av seks deltakarar. Alle har hatt hjerneslag, og har fått prøvd seg heime ei periode, og gjort seg nokre erfaringar om ”livet etterpå”.
Opplegget tek utgangspunkt i kvardagslivet heime, og hovudfokuset er å utveksle erfaringar med dei andre deltakarane, og få innspel og undervisning om aktuelle tema. Formålet er at deltakarane skal bli enda betre rusta til å handtere kvardagen etter hjerneslaget, og kunne sjå nye moglegheiter for kvardagslivet og få nye idear til løysingar og aktivitetar. For å oppnå dette, nyttar vi fysisk, mental og sosial trening, utveksling av erfaringar og kunnskap, og opplæring og informasjon om relevante tema.
Innhald
Gruppeopphaldet varer i 12 dagar, og vil innehalde eit spekter av fellesaktivitetar, i tillegg til individuell oppfølging/ trening. Ein av dagane inviterer vi også dine næraste til å vere med, til ein dag der tema er knytt til den nye kvardagen og livssituasjonen, samhandling, og nye roller.
Arbeidsmåtar:
Temasamlingar med undervisning og erfaringsutveksling. Gruppesamlingar. Lunsjsamlingar. Individuell kartlegging og trening. Kveldsaktivitetar. Felles utedag.
Tema for undervisning:
Fysisk aktivitet og trening. Meistring. Ernæring og kosthald. Skjulte vanskar. Sorg og tap. Identitet. Rehabilitering i kvardagslivet. Naturen som arena for rehabilitering. Pårørande – roller og samhandling.
Praktiske opplysningar
Dette er eit døgntilbod, så du vert buande på Morksenteret i perioden tilbodet varer. Du kan reise heim i helga. Du får einerom med bad.
Vi legg opp til uteaktivitet som ein del av treninga og gruppetilbodet, så du må ha med klede og sko til utebruk i all slags ver.
Vi bed om at du tek med oppdatert medikamentliste når du kjem til Mork. Gi beskjed om du har andre spesielle behov, t.d. knytt til kosthald.