IBD - skule - Ålesund

Eit kurstilbod til deg med inflammatorisk tarmsjukdom
Ulcerøs Colitt eller Morbus Crohns.
Pårørande er velkome til å delta.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Fastlegen eller spesialist i fordøyingssjukdomar kan tilvise deg til kurs i spesialhelsetenesta.

Vi ynskjer at du tek med ein av dine pårørande; denne betaler ikkje eigenandel.

Påmeldingsfrist for pårørende:
Du som får tilsendt denne invitasjonen og vil ta med deg ein pårørande, må melde på din pårørande snarest og seinast innan 24.08.20 (slik at vi veit kor mange som kjem).

Kvifor delta på kurs

Med kurset ynskjer vi at du og dine pårørande skal få økt kunnskap om sjukdomen, førebygge forverring og skape økt trygghet, forståelse og mestring i det å leve med IBD.

Vi ynskjer også at du skal få møte andre med same sjukdom og utveksle erfaringar.

Vi oppmodar pårørande til å delta på opplæringa.

 

Innhald



 

Praktiske opplysningar

Vi tek oss tid til pausar mellom foredraga og lunsj midt på dagen, der vi hygger oss med kaffe, te, rundstykke og prat. Både pasient og pårørande betalar kvar kr. 50 pr. person pr. dag, for mat og drikke.

Gi beskjed ved påmelding hvis du har cøliaki, er vegetarianer etc.

OBS! Hugs å gi beskjed hvis du ikkje vil ha lunsj slik at du ikkje blir fakturert for denne.



 

Rettar og eigenandel


Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.

Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.

Dersom du ikkje kan møte til påmeldt kurs må du gi beskjed om dette. Dersom du ikkje møter uten å ha meldt fråfall, vil du bli fakturert eit gebyr.

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her


 

Nyttige nettsider

Landsforeningen mot fordøyelsessykdommer

 



Fann du det du leita etter?