HELSENORGE

IBD - Volda

Eit kurstilbod til deg med inflammatorisk tarmsjukdom
Ulcerøs Colitt eller Morbus Crohns. Pårørande er også velkomne til å delta.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Fastlege eller spesialist i fordøyingssjukdomar kan tilvise deg til kurs i spesialisthelsetenesta.

Tilvisinga sendast elektronisk til Medisinsk poliklinikk ved Volda sjukehus og merkast "IBD-kurs".

Ved fullteikna kurs kan ein verte sett på venteliste for seinare kurs.

Kvifor delta på kurs

Med kurset ynskjer vi at du og dine pårørande skal få auka kunnskap om sjukdomen, førebygge forverring og skape auka tryggheit, forståing og mestring i det å leve med ein form for IBD.

Vi ynskjer også at du skal få møte andre med same sjukdom og utveksle erfaringar.

Vi oppmodar pårørande til å delta på opplæringa.

Innhald

  • Ulcerøs kolitt og Crohns sjukdom, sjukdomsforståing, medisinsk behandling og tilleggssjukdomar

  • Det psykiske aspektet ved kronisk sykdom

  • Kost og ernæring

  • Legemidler

  • «Å leve med kronisk sjukdom»

  • Rettigheiter ved kronisk sjukdom  

  • Stomiundervisning

  • Brukarhistorie

Praktiske opplysningar

Både pasient og pårørande betalar kvar kr. 100 pr. person pr. dag, for lunsjmat og drikke.
Gi beskjed ved påmelding om du har cøliaki, er vegetarianer etc.

OBS! Hugs å gi beskjed hvis du ikkje vil ha lunsj slik at du ikkje blir fakturert for denne.

Rettar og eigenandel

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.

Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendast etter kurset.

Dersom du ikkje kan møte til påmeldt kurs må du gi beskjed om dette. Dersom du ikkje møter uten å ha meldt fråfall, vil du bli fakturert eit gebyr.

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her

Nyttige nettsider

Mage-tarmforbundet (tidlegare LMF - Landsforeningen mot fordøyelsessykdommer)

Fann du det du leita etter?