HELSENORGE

Kols - Ålesund

Kurset er for deg som har fått diagnosa kols. Pårørande er velkomne til å delta på kurset

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Tilvising skal sendast elektronisk til poliklinikk for lungesjukdommar, Ålesund sjukehus.
Ønsker du/dykk å delta på opplæringa, ta kontakt med fastlegen din for tilvising.

KVIFOR DELTA

Med kurset ønsker vi at du og dine pårørande skal få auka kunnskap om KOLS, korleis førebygge forverring og skape auka tryggleik, forståing og meistring i det å leve med KOLS.

Vi ønsker også at du skal få møte andre med same sjukdom og utveksle erfaringar.

Vi oppfordrar pårørande til å delta på opplæringa.

INNHALD

  • Sjukdomsforståing
  • Å leve med KOLS
  • Kosthald
  • Medisinar og inhalasjonsteknikkar
  • Rettar
  • Fysioterapi og fysisk aktivitet
  • Informasjon om LHL
     

PRAKTISKE OPPLYSNINGAR

Det kan vere nyttig å ha eigne inhalasjonsmedisinar tilgjengeleg når vi går igjennom dei ulike inhalatorane. Kurset kan i visse tilfeller vere digitalt.

RETTAR OG EIGENANDEL

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.

Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her

NYTTIGE NETTSIDER

Landsforeningen for hjerte- og lungesyke

Kols - helsenorge

Norges astma og allergiforbund (NAAF)

Fann du det du leita etter?