Målsetting:
- Betre livskvalitet.
- Auka sjukdomsforståing og medvit om livsstil.
- Tidleg oppdaging av prodromalsymptom.
- Betre etterleving av medikamentell behandling.
- Unngå rusmisbruk / sjølmordsatferd.
- Meistring av psykososiale konsekvensar av affektive episodar.
- Betre sosial fungering mellom episodane.
Tilnærming:
Manualbasert behandling. Fast agenda på kvart møte med gruppediskusjon og heimelekse.
Fokus på fellesaktivitetar kombinert med fokus på individuelle utfordringar og erfaringar.
Tema:
- Teori og faktakunnskap om bipolar liding.
- Allment om behandling og medikamentell behandling.
- Individuell kartlegging av eigne symptom, og korleis forebyggje nye affektive episodar.
- Stressmeistring.
- Arbeidsrett, trygderett, sosialrett og helsejus.
- Rus, livsførsel og kontinuitet.
Rammer:
Gruppa møtast 2 timar i veka over 10 veker.
8 – 12 deltakarar i gruppa
Deltakarane får ein individuell informasjons/vurderingssamtale før gruppa starter, samt tilbod om ein individuell samtale undervegs og ein evalueringssamtale etter endt kurs.
Deltakarane må ha diagnosen bipolar lidelse type I eller II.
Før oppstart i gruppe får alle pasientane individuelle samtalar for kartlegging og utgreiing
Saman med terapeuten finn ein ut om gruppetilbodet er den rette behandlinga no.
Det vert igangsett grupper når det er påmeldt mange nok deltakarar
Informasjon i pdf-format