MS - Ålesund

Informasjons tilbud til deg som har fått Multippel sklerose – (MS).

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Tilvising skal sendast elektronisk til Nevrologisk poliklinikk og MS- Sjukepleiar Ålesund sjukehus.

Ønsker du å delta på opplæringa, ta kontakt med fastlegen din for tilvising


Kvifor delta på kurs

Med kurset ønsker vi at du skal få auka kunnskap om MS, korleis førebygge forverring og skape auka tryggleik, forståing og meistring i det å leve med MS.

Vi ønsker også at du skal få møte andre med same sjukdom og utveksle erfaringar. 



Innhald

  • Informasjon om sjukdomen MS og behandling som finnast.

  • Fysisk aktivitet og MS.

  • Fatique, energiøkonomisering.

  • Arbeid – sjukemelding – attføring.

  • Brukarerfaring.

Forelesarane er: Nevrolog, MS sjukepleier, fysioterapeut, ergoterapeut, brukarrepresentant, sosionom og urosjukepleier.

Praktiske opplysningar

Tilbodet går over to vekedagar og er gruppebasert med inntil ti personar.

Bevertning: 100kr for begge dagar. Du får lunsj, kaffe, frukt og kursmateriell.


Rettar og eigenandel

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset. 

Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her




Nyttige nettsider

MS-forbundet

Fann du det du leita etter?