HELSENORGE

Parkinson - Ålesund

For personar med parkinson og deira pårørande

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Tilvising skal sendast elektronisk til Nevrologisk inntakskontor, Ålesund sjukehus.

Ønsker du/dykk å delta på opplæringa, ta kontakt med fastlegen din for tilvising.


Kvifor delta 

Med kurset ønsker vi at du og dine pårørande skal få auka kunnskap om Parkinson sjukdom. Vi ønsker å skape auka tryggleik, forståing og meistring i det å leve med Parkinson.

Vi ønsker også at du skal få møte andre med same sjukdom og utveksle erfaringar.

Vi oppfordrar pårørande til å delta på opplæringa.


Innhald

Program for kursdagen (med atterhald om endringar):

  • Velkommen
  • Orientering fra Møre og Romsdal parkinsonforening
  • Info om Parkinson/HDQ
  • Brukerinnlegg
  • Medisinering
  • Rettigheter ved Parkinson /sosionom
  • Fysisk aktivitet/Fysioterapi ved Parkinson / Fysioterapeut
  • Ernæring/kosthold
  • Avslutning/ evaluering


Praktiske opplysningar

Det vert fysisk oppmøte i Auditoriet.

Det er bindende påmelding.
Dersom ein ikkje møter uten å ha gitt beskjed vil den enkelte bli belastet med eit gebyr. Eventuell bevertning vert fakturert i etterkant.

Parkering må den enkelte ordne med sjølv.

Vi ber deg gi beskjed i god tid dersom det er spesielle behov vi skal ta omsyn til, for eksempel kost, hørsel etc.


Rettar og eigenandel

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her

Nyttige nettsider

Parkinsonforeninga



Fann du det du leita etter?