KVIFOR DELTA PÅ KURS
Med kurset ønsker vi at du og dine pårørande skal få auka kunnskap om Parkinson sjukdom. Vi ønsker å skape auka tryggleik, forståing og meistring i det å leve med Parkinson.
Vi ønsker også at du skal få møte andre med same sjukdom og utveksle erfaringar.
Vi oppfordrar pårørande til å delta på opplæringa.
INNHALD
Behandlingsmetodar, medisinar og oppfølging
Fysisk aktivitet og rehabilitering
Hjelpemidlar i kvardagen og kvardagsmestring
Ernæring, symptom – tips og råd
Ta vare på stemmen og svelgfunksjonen!
Det psykiske aspektet
Kvardagen og moglegheiter
PRAKTISKE OPPLYSNINGAR
Bevertning: Vi serverer kaffe/te, frukt og lunsj. Faktura sendes i etterkant kurset. Gi beskjed dersom du ikkje ønsker bevertning.
Det er bindende påmelding.
Ved ikkje møtt uten å ha gitt beskjed vil den enkelte bli belastet med eit gebyr.
Parkering må den enkelte ordne med sjølv.
Tenk gjerne over spørsmål du ønsker å belyse, før du kommer på kurset.
Vi ber deg gi beskjed i god tid dersom det er spesielle behov vi skal ta omsyn til, for eksempel kost, hørsel etc.
RETTAR OG EIGENANDEL
Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her
Nyttige nettsider
Norges Parkinsonforbund