Har du ikkje undervist tidligere er målet at du skal kjenne deg tryggare på ei slik rolle.
Kommunikasjon mellom menneske
Hovudfokus i kurset er kommunikasjon mellom menneske i ein undervisningssituasjon og det vil ikkje bli lagt vekt på tekniske hjelpemiddel.
Det vil mellom anna bli brukt videofilming som ein del av øvelsane. Deltakerane vil bli bedt om å ha med seg utkast til korte presentasjonar. De som melder seg på får tilsendt desse oppgåvene i forkant av kurset.
Kurs i eiga avdeling?
LMS arrangerar kurs nokre gongar i året. Klinikkar og avdelingar kan ta kontakt med LMS for å avtale interne kurs. LMS held og kurs i samarbeid med ein eller fleire kommunar.
Opplæring av pasientar og pårørande
Opplæring av pasientar og pårørande er ein av helseforetaket sine hovudoppgåver. Læring- og meistringssenteret (LMS) har ein rolle i dette arbeidet som ein støtte til avdelingene og som ein pådriver for "best mogleg opplæring til flest mogleg".