Kvifor delta på kurs
Målsettinga er å betre deltakarane si evne til å kommunisere eigne ønske og behov, uttrykke eigne meiningar og ta eigne val.
Innhald
Hovudsakleg kognitiv og meistringsorientert tilnærming.
Aktuelle tema, med atterhald om endringar:
- Reaksjonsmåtar
- Kroppsspråk
- Mine rettar som menneske
- Korleis be om det du har behov for?
- Korleis bygge sjølvrespekt?
- Gi og ta imot kritikk
- Ulike forventningar til menn og kvinner
- Vegen vidare
Praktiske opplysningar
Før oppstart i gruppe får alle deltakarar individuell vurderingssamtale. Saman med terapeuten finn ein ut om dette gruppetilbodet er den rette behandlinga no.
Gruppa møtast til faste tider ein gong i veka, ca. 2 timer kvar gong, til saman 10 veker.
Maks 8 gruppemedlemmar per kurs.
Rettar og eigenandel
Sjukemelding: Dersom du treng sjukmelding, kontakt fastlegen din.
Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her