Som ein del av oppfølginga av deg som har mista eit barn etter 22. svangerskaps-veke har Kvinneklinikken tilbod om gruppesamlingar. Som deltakar i sorgstøtte-gruppe vil du møte andre foreldre i same situasjon.

For foreldre som har mista barn i mors liv eller i forbindelse med fødsel
Sorgstøttegruppe
- er ein arena der ein kan sette ord på korleis ein har det i lag med andre i same situasjon
- kan ha ei berande og lindrande kraft
- er ein stad der kvar og ein kan finne sin måte å meistre situasjonen på
- er ikkje eit behandlingstilbod, men eit sorgstøttetilbod
Det aller viktigate med samlingane i sorgstøttegruppa er tid og rom for å sette ord på det kvar og ein har behov for.
Døme på tema for samlingane
- Tid til å bli kjent i gruppa
- Liv, død og minner
- Begravelse og ritualer
- Sorga sin verknad på kjensler, kropp, atferd og relasjonar
- Forholdet til familien, vener og kollegaer
- Korleis takle stress og uro i kroppen
- Korleis ta vare på seg sjølv og parforholdet
- Kva med eit nytt svangerskap
- Framtida
Brosjyre i pdf-format