Kvifor delta på kurs
Med kurset ønsker vi at du og dine pårørande skal få auka kunnskap om stoffskiftesjukdom, korleis førebygge forverring og skape auka tryggleik, forståing og meistring i det å leve med høgt eller lavt stoffskifte.
Vi ønsker også at du skal få møte andre med same sjukdom og utveksle erfaringar.
Vi oppfordrar pårørande til å delta på opplæringa.
Innhald
- Sjukdom og behandling ved endokrinolog
- Kosthald ved ernæringsfysiolog
- Å leve med hypo/hypertyreose ved brukarrepresentant
- Informasjon frå stoffskifteforbundet
- Legemiddel ved klinisk farmasøyt
- Rettar og inkluderende arbeidslivved sosionom
- Erfaringsutveksling
Praktiske opplysingar
Dette kurset er eit såkalla hybridkurs. Det vil seie at du kan møte fysisk på Molde sjukehus (Festsalen), eller velge å møte opp på eit av Lærings- og meistringssentra (LMS) i Møre og Romsdal:
Ålesund - Dag 1: Åsebøen 1, 8. etg, dag 2: Auditoriet, Ålesund sjukehus
Volda - Kløvertunvegen 8, Kvitt bygg nedanfor Volda sjukehus
Kristiansund - Auditoriet på sjukehuset
I Ålesund, Volda og Kristiansund vil ein då kunne vere ei gruppe som følger og deltek på kurset gjennom digital overføring. Tilsette ved LMS vil ha ansvar for det tekniske rundt dette.
Oppgi kvar du ønsker å delta i henvisinga.
Rettar og eigenandel
Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort eller er pårørande. Faktura sendes etter kurset.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her
Nyttige nettsider
Stoffskifteforbundet