HELSENORGE

Temakveld om sorg: Å leve med arr i sjela

Kvart år opplever hundrevis av familiar på Nordmøre det å miste eit kjært familiemedlem.  Tapet fører ofte til mykje smerte og sakn og tristhet.
10. mars blir det arrangert temakveld om sorg i Kirkelandet kyrkje.  Jan Liabø har mista fire viktige personar i livet sitt. I dialog med sjukehusprest Inger Marie Jacobsen vil han halde foredrag om å leve vidare etter å ha opplevd stor sorg i livet.

– Ei forteljing om korleis sår blir til arr. Det er ingen enkel prosess eller «Quick fix», når ein skal meistra livet sitt i ein slik situasjon. Bodskapen er at ein kan finne livsgleda igjen – sjølv med store arr i sjela.

Jan Liabø er hjelpepleiar og sit som brukar-representant i Kontrollkommisjonen Helse Møre og Romsdal og har fleire gongar før halde foredrag om det å meistra livet etter store tap.

– Når ein mistar eit umissande menneske kan det kjennast ut som om hjarte og sjel blir rive i filler. Vi sit igjen med betente sår som plagar oss dag og natt. Kan ein leve vidare med slik? Kan ein nokon gong finne meining og smile igjen?

Med ei forteljing frå sitt eige liv vil Liabø snakke om korleis ein kan finne meining og glede i livet igjen etter slike tapsopplevingar, ei forteljing om når sår blir til arr.

Kantor i Kirkelandet kyrkje; Paul Andrè Nilsen Grande vil delta med musikalske innslag og det blir bevertning som avslutning på kvelden.  Det vil òg bli informasjon om sorggrupper og moglegheit for å snakke med sorggruppeleiarar og eventuelt å melde seg på. 

Sorggrupper

Lærings- og mestringssenteret, Den Norske Kirke og Kristiansund kommune samarbeider om sorggrupper der ein får møte andre som er i liknande situasjon og dele historia si med kvarandre.

Sorgarbeid har som hensikt å unngå at sorga utviklar seg til komplisert sorg, og å hjelpe dei sørgande til å komme tilbake til eit meningsfullt liv igjen. Det er tilsette ved Lærings- og mestringssenteret, sjukehuspresten og diakonar og prestar i forsamlingane som leiar desse gruppene. Påmelding til Inger-Marie Jakobsen, sjukehusprest i Kristiansund, tlf.: 71 12 11 22  / 90 57 51 96 e-post: inger-marie.jakobsen@helse-mr.no                                                                                                                                        
Fann du det du leita etter?