ADHD - informasjonsdag (psykoedukasjon)

Gruppeopplæring , Blir arrangert etter behov.

Når det er satt ei diagnose, er det viktig for deg og dei rundt deg med kunnskap om sjukdomen/lidinga, slik at du oppnår betre meistring. Denne kunnskapsutvekslinga kallar vi "psykoedukasjon" og er ein del av behandlinga.

Informasjonsdag i BUP poliklinikk

Som eit ledd i kunnskapsutvekslinga inviterer vi til informasjonsdagen «Å leve med ADHD i familien» i poliklinikken. Vi inviterer både foreldre/føresette, ungdomar, representantar fra PPT, skule/barnehage og andre instansar til informasjonsdagen. Målet er å byggje felles forståing rundt ADHD-diagnosen.


Innhald

  • Informasjon om diagnose ved lege
  • Informasjon om trygderettigheiter
  • Tiltak skule ved pedagog
  • Film om ADHD/ADD
  • Samarbeid heim - skule
  • Medisinar / utprøvingsprosedyrar
  • Utdeling av medisinar

Under informasjonsmøtet vil dokker få utdelt kvar si mappe med skriftleg informasjon. Pasientar som skal ha medisinutprøving får eigen informasjon om dette.

Når og kor

Tid
Blir arrangert etter behov.
Klokkeslett
 
Arrangør
Psykisk helsevern for barn og unge / BUP poliklinikk 
Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.