Analytisk psykoterapigruppe - Ålesund

Gruppeopplæring, DPS poliklinikk Ålesund

Menneske som slit med kjenslemessige konfliktar i mellommenneskelege relasjonar, der dette fører til angst, depresjon, fortviling, åtferdsproblem, kroppslege smertetilstandar og liknande.

Målsetting:

Gruppeanalyse er ei behandlings-form som har som mål å fremme betre sjølvforståing og å etablere betre løysingar på kjenslemessige og relasjonelle problem. Gjennom dette arbeidet er målet å redusere symptom og opne opp for personleg vekst og utvikling.

Målgruppe:

Menneske som slit med kjenslemessige konfliktar i mellommenneskelege relasjonar, der dette fører til angst, depresjon, fortviling, åtferdsproblem, kroppslege smertetilstandar og liknande.

Tilnærming og metode:

Behandlingstilnærminga  tek utgangspunkt i at mennesket alltid lever som eit knutepunkt i eit nettverk av relasjonar som påverkar kvarandre gjensidig. Gruppa blir som ein slags minimodell av samfunnet.

Ved å dele personlege erfaringar, tankar og kjensler med kvarandre, gjennom responsen frå dei andre gruppemedlemmene og terapeuten, vil ein gradvis forstå og meistre ulike sider ved seg sjølv  og i forhold til andre menneske.

Terapeutane vil velge ut deltakarar som vurderast som eigna for denne behandlingsforma og som ein trur vil ha ei positiv effekt på kvarandre.

Rammer:

Gruppa er ei ”slow open” gruppe, det vil seie at ein tek inn nye medlemmer når nokon sluttar. Max behandlingstid: 3 år.
Gruppa møtast til faste tider ein gong i veka à 1 ½  time.

I ei slik gruppe er der nokre sentrale reglar, men ikkje eit fast program. Deltakarane må forplikte seg til å vere med i minst eitt år. Den enkelte må møte 4 gongar etter at det er opplyst om avslutning i gruppa. Dei har moralsk teieplikt i forhold til tema som vert teke opp av andre i gruppa.

Nye medlemmar føler ofte situasjonen som uvant og vanskeleg, men med aukande tillit og gjensidig interesse i gruppa vil ein gradvis få hjelp til å uttrykke følelsar og tankar som har blitt undertrykt eller er overveldande.

Talet på deltakarar:

 8 – 10 medlemmer i gruppa inkludert terapeuten/ terapeutane.

Eksklusjonskriteriar:

Pasientar som har hovuddiagnose innan rusmiddelmisbruk.
Erfaring viser dessutan at bruk av vanedannande medikament i stor grad reduserer utbyttet av terapien.

Informasjon i pdf-format

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Du må ha tilvising frå fastlege for å delta i gruppebehandling i spesialisthelsetenesta.

Når og kor

Stad
Ålesund sjukehus
Du møter på Vaksenpsykiatrisk  poliklinikk..
Det er i bygget som ligg nordaust for sjukehusblokkene.
 
Arrangør
DPS poliklinikk Ålesund
 
Kontaktinformasjon
Gruppebehandlingsteamet
Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
Ålesund
 

Eigendel:

Du betaler ein eigendel/ frikort som ved eit anna poliklinisk besøk.

Sjukemelding:

Dersom du treng sjukmelding, kontakt fastlegen din.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.