Helsenorge

Autisme/Asperger syndrom - for ungdom - Ålesund

Tilbod for ungdom frå 13-18 år (frå 8. trinn) med autismespektervansker/ Asperger syndrom som ynskjer kunnskap om og forståing i høve seg sjølv og diagnose.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Ynskjer du å delta på opplæringen ta kontakt med din fastlege for tilvising til kurset. Tilvisninga sendast til same adresse som til påmeldinga.

Er du til behandling i spesialisthelsetjenesten ved Klinikk for psykisk helse og rus, trengs det ikke ny tilvising.

Etter at du har meldt di interesse for kurset vil vi ha ei samtale med deg. Dette for å høyre om din motivasjon for å delta på opplæringa og for å kunne sette saman ei gruppe som fungerar best mogeleg. Du vil få innkalling til ei slik før-samtale i veke 7. Etter dette vil det bli avgjort om du får plass.

KVIFOR DELTA PÅ KURS

Med kurset ønsker vi at du skal få auka kunnskap om kva autismespektervanskar og asperger syndrom er. Vi ønsker å skape auka forståing og meistring i det å leve med autisme/asperger syndrom.

INNHALD

Tema på webinar:

  • Kva er Asperger syndrom/ Autismespekter?
  • Kva kan ein med Asperger vere god til?
  • Kjerneutfordringar
  • Årsak
  • Forekomst
  • Utfordringar

Tema på workshop (fysiske gruppesamlingar):

  • Kursreglar
  • Ei ung kvinne med Asperger syndrom snakkar om si oppleving
  • Stress - kva er dette? Kva skapar og reduserer stress?
  • Skildre dine styrkar og utfordringar
  • Det sosiale livet - vener og fritidsaktivitetar
  • Overgangar i livet - utdanning, kjærestar ol.

Vi avsluttar med lett servering etter kvar workshop.
Med atterhald om avlysing og endringar i programmet.

PRAKTISKE OPPLYSNINGAR

Den første samlinga torsdag 02. mars 2022 er eit digitalt webinar.
Deretter har kurset to fysiske samlingar i grupper ved BUP Ålesund. 

Vi ynskjer at både søsken (frå 12 år) kan få høve til å delta 10. mars og besteforeldre kan få høve til å delta 14. mars. Dette vil bli avgjort når det nærmar seg og vi ser smittesituasjonen. Fyrst og fremst er det viktig at ungdomane kan møtast. Vi ber om tilbakemelding om antal søsken/besteforeldre som evt. ynskjer å delta innan 7.mars. 

PÅMELDING

Du må først henvisast frå fastlege, dersom du ikkje allereie er under behandling i spesielisthelsetenesten. Pasienten/foresatte må sjølv melde seg på opplæringen per telefon: 70 16 72 00, eller skriftlig: Ålesund sjukehus, BUP, Geilebergvegen 20, 6026 Ålesund.

Oppgi namn på ungdomen, fødselsdato, diagnose, foresatte, adresse, telefon og e-postadresse.

Husk å merke påmeldinga med navn på kurset "Ungdomsgruppe autismespekter"

RETTAR OG EIGENANDEL

Pasientar har rett til fri frå skule for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.

Kostnader for kursmateriell og mat er kr 200. Faktura blir tilsendt.

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her

Dersom du ikkje kan møte på opplæringa må du avbestille snarast og seinast 24 timer før på telefon. Dersom du ikkje avbestiller blir du belasta med et gebyr som for tida er på kr 345 kr.

F
or nærare informasjon kontakt BUP Ålesund og spør etter kursansvarlig. 

NYTTIGE NETTSIDER

Fann du det du leita etter?