Belastningsmeistring (KiB)

Kurs , 30.01.2018 , DPS Vegsund ambulant og døgnseksjon

Kurs for vaksne som ønsker å bedre sine evne til å meistre belastningar, både knytt til arbeid og privatliv. Dette kan vere utbrentheit, stress, nedstemtheit, depresjon og ulike andre belastningar.

Kurset bygger på kognitiv metode. Du får undervising som kan gjere deg merksam på tankane dine, og lære å sjå samanhengen mellom tankar og følelsar. Du lærer korleis du kan vurdere og endre negative tolkingar av det som skjer. Du lærer også korleis du kan kjenne igjen eit negativt mønster på tankar og endringar, og korleis du kan hindre dette.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

For å delta på kurset må du ha tilvisng frå fastlegen din eller gjennom anna kontakt med helsetenesta. 

Når og kor

Dato
30.01.2018 
Klokkeslett
Stad
Vegsund
  
Arrangør
DPS Vegsund
 
Kontakt
Ta gjerne kontakt med oss for meir informasjon.
Telefon: 70 10 67 60
 
Meir informasjon
psyksenter.vegsund@helse-mr.no  
  • Det er plass til 8 - 12 deltakarar på kvart kurs
  • Kurset går over ti samlingar, kvar samling varer i 2,5 timar
  • Vi bruker kursbok aktivt gjennom heile kurset
  • Vi følgjer vanlege polikliniske satsar, som er med på opparbeiding av frikort
  • Kurset blir leia av godkjent kursleiar

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.