Billedterapi-gruppe - Ålesund

Gruppeopplæring, Gruppesamlingar kvar onsdag kl. 12:15 - 14:00, DPS poliklinikk Ålesund

Personar som slit med å sette ord på vanskelege tankar og kjensler.

Målsetting:

Å få hjelp til å formidle tankar og kjensler gjennom å lage bilete og andre kreative uttrykksformer, og å bearbeide desse. Redusere symptom og opne opp for personleg vekst og utvikling.
Bileta kan hjelpe ein til å nærme seg det som er vanskeleg å snakke om.
Den kreative prosessen er heilande, styrker motet, gir glede og håp.

Tilnærming og metode:

Deltakarane kan uttrykke seg gjennom teikning, maling, leire, gips, plastelina, papir, collage, tekstilar og ord.
Billedterapi er basert på kunnskapen om at eitkvart menneske, uavhengig av om det kan å teikne, har ei latent evne til å la indre tankar, kjensler og eventuelle konfliktar få eit visuelt uttrykk.
Billedterapi handlar om relasjonen mellom kunstuttrykk, pasient, terapeut og gruppa.

Rammer:

Gruppesamlingar kvar onsdag
Kl.12.15 – 14.00
(90 minutt + 15 minutt pause).

Max 8 deltakarar og to terapeutar.

Ikkje tidsavgrensa, åpen for nye medlemmer undervegs.

Evaluering kvart halvår.

Informasjon i pdf



Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Du må ha tilvising frå lege for å delta i gruppebehandlinga.
Fastlegen kan tilvise deg til behandling i spesialhelsetenesta.


Når og kor

Tid
Gruppesamlingar kvar onsdag kl. 12:15 - 14:00
Klokkeslett
 
Stad
Ålesund sjukehus
Du møter på Vaksenpsykiatrisk  poliklinikk.
Det er i bygget som ligg nordaust for sjukehusblokkene.
 
Arrangør
DPS poliklinikk Ålesund
 
Kontaktinformasjon
Gruppebehandlingsteamet
Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
Ålesund
 

Eigendel:

Du betaler ein eigendel/ frikort som ved eit anna poliklinisk besøk.

Sjukemelding:

Dersom du treng sjukmelding, kontakt fastlegen din.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.