Cøliaki - kurs for foreldre og ungdom +

Kurs, 26.08.2016, Barne- og ungdomsavdelinga Kristiansund, Poliklinikk for barn og unge Kristiansund, Sengepost og dagbehandling barn og unge Kristiansund


Teoretisk og praktisk retta kurs for foreldre til barn med cøliaki, ungdom frå 14 år og spesielt interesserte ved skule/barnehage/SFO.
Meir info i vedlagt invitasjon.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

Du som har cøliaki eller er foreldre til eit barn med cøliaki treng tilvising frå lege for å delta på kurset. Tilvisinga skal skrivast ut i pasienten sitt namn/den som har diagnosen. Det er fint om eventuelle tilleggssjukdommar også blir informert om.

Legen skal sende tilvisinga elektronisk til: pediatrisk poliklinikk, Kristiansund sjukehus.

Fagpersonar som ønskjer å delta på kurset treng ikkje tilvising.

Når og kor

Dato
26.08.2016 
Klokkeslett
09:00-15:30 
Stad
Kristiansund sjukehus
Sykehusgt. 2, vis à vis Kristiansund sjukehus. Peisestova, barnehabiliteringstenesta
 
Arrangør
Barne- og ungdomsavdelinga Kristiansund, Barn og unge, sengepost og dagbehandling Kristiansund, Barn og unge, poliklinikk Kristiansund
i samarbeid med Lærings- og meistringssenteret og Norsk Cøliakiforening 
Kontakt
Påmelding: Pediatrisk poliklinikk på telefon 71 12 15 90
Påmeldingsfrist: 22. august 2016.
 
Meir informasjon
Cøliakikurs for foreldre og ungdom +  

Program

09:00 Velkomen, presentasjon og forventningar

09:15 Korleis leve eit godt, glutenfritt liv? v/forelder Trine B. Sevaldsen. Innleiing med filmen «Frisk uten gluten»

09:50 Pause

10:00 Cøliaki, diagnose og behandling v/barnelege Bente Askestad

11:00 Pause

11:10 Glutenfritt kosthald. Teoretisk del v/klinisk ernæringsfysiolog

12:00 Glutenfri lunsj. Servering av heimebaka gjærbakst

13:00 Refleksjonar rundt kronisk sjukdom. Rettar og tilrettelegging i skule/barnehage

13:45 Pause

14:00 Glutenfritt kosthald. Praktiske tips med oppskrifter. Informasjon om Norsk Cøliakiforening (NCF), Ellen Ø. Sundbye og Trine B. Sevaldsen

15:00 Oppsummering og evaluering

Slutt ca kl 15:30

* med atterhald om endringar i programmet.

Kostnad og refusjon

Opplæringspengar

Foreldre kan søke NAV om opplæringspengar for å få dekt tapt arbeidsforteneste. Nærare informasjon blir gitt ved oppstart av kurset.

Refusjon av reiseutgifter

Hovudregelen for reiserefusjon er at ein får dekt den billigaste reisemåten med rutegåande transportmiddel dersom ein bor meir enn 3 km unna. Nærare informasjon blir gitt ved oppstart av kurset.

Eigendel

For foreldre til barn under 16 år er kurset gratis.

For barn/ungdom frå 16 år er eigendelen 345 kroner. (Førast på eigendelskortet)

Regninga blir sendt ut etter kurset.

Lunsj

Pris for lunsj, te/kaffi og frukt er 150 kroner.

Regninga blir sendt ut etter kurset.

NB!

Gi beskjed ved påmelding viss det er behov for kost som er naturleg fri for gluten og/eller fri for mjølk, minus sukker med meir, eller andre omsyn som språk, høyrsel etc. eller viss du ikkje ønskjer å nytte lunsjtilbodet.