Cøliakiskule for vaksne, Ålesund

Gruppeopplæring, Vår og haust, Poliklinikk for mage/tarmsjukdommar Ålesund

For pasientar med nyoppdaga Cøliaki/Dermatitis Herpetiformis og deira pårørande, eit tilbod der ein har fokus på kunnskap/informasjon om sjukdomen slik at dei kan leve best mogleg med tilstanden.

Cøliakiskulen for vaksne er for personar over 18 år.

Ein pasient kan ha med ein pårørande.

Kurset er særskilt egna for pasientar som har fått diagnosa cøliaki/DH siste året. Pasientar som har hatt diagnosa i fleire år, men framleis kjenner behov for auka kunnskap/opplæring, kan også delta.

Når

Det vert arrangert to kurs i året, vår og haust. Cøliakiskulen held til ved Lærings- og meistringssenteret (LMS) på Åsebøen 11.

Kurset går over to dagar, kl 09.30 – 15.00. Ein vekslar mellom temaførelesingar, spørsmål/svar, utveksling av erfaringar, samt bakedemonstrajon. Deltakarane et glutenfri lunsj saman.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

Pasienten må ha tilvising frå behandlande lege eller fastlege.

Når og kor

Tid
Vår og haust
Stad
Ålesund sjukehus
Lærings og meistringssenteret, Åsebøen 11. Blokka ovanfor sjukehuset (nærast lyskrysset)
 
Arrangør
Mage-tarmsjukdommar, poliklinikk Ålesund
 
Kontakt
Opplæringskoordinator Mona Sunde Grytten v/Poliklinikk for Mage- og tarmsjukdommar. Tlf. 70 10 58 40 .
 

Pris

Pasientdeltakarane vert registrert som polikliniske pasientar, og betalar eigenandel på kr 307,- for heile kurset. I tillegg betalar ein kr 50,- pr dag for mat. Eigenandelen gjeld kun pasientdeltakarar. Utgifter for mat gjeld både pasient og pårørande.

Innhald

Sjukdomslære/diagnose/behandling
Bakedemonstrasjon
Pasientrettar
Kosthald generelt og ved cøliaki
Meistring knytta til det å leve med cøliaki/DH
NCF, om foreninga sine mål og arbeidsmetodar

Hovudmål

Hovudmålet er at pasientar med cøliaki/DH vert godt rusta til å meistre sin sjukdom på best mogleg måte. Det vert lagt vekt på kunnskap om og oppfylgjing av sjukdomen, glutenfri diett, meistring av tilstanden, samt praktisk informasjon/råd.
Det vil også bli informert om pasientane sine rettar og verksemda til Norsk Cøliakiforeining (NCF).

Ein sjukepleiar er til stades under heile kurset. Andre som held foredrag på kurset er blant anna Gastroenterolog, Ernæringsfysiolog, Representant frå Lærings- og meistringsseneret, Representasjon frå Norsk Cøliakiforening, Fagpersonar ang. rettar, Brukarperson.