Diabetes type 2 - Kristiansund

Kurs, 18.09.2017-25.09.2017, Medisinsk avdeling Kristiansund

Kurs for deg med diabetes type 2 og dine pårørande. Kurset går over to enkeltdagar.

Meir detaljert program finn du i vedlagt invitasjon!

Tema på kurset

  • Kva er diabetes?
  • Kosthald, mattips
  • Fysisk aktivitet
  • Blodsukkermåling

Kurset går over to dagar frå kl 09:30 - ca kl 15:00. Det er sett av tid til spørsmål og erfaringsutveksling.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Du treng tilvising frå lege for å delta på kurset.

Når og kor

Dato
18.09.2017-25.09.2017 
Klokkeslett
09:30-15:00 
Stad
Kristiansund sjukehus
Auditoriet
 
Arrangør
Medisinsk avdeling Kristiansund
og Lærings- og meistringssenteret i samarbeid med Norges diabetesforbund. 
Kontakt
Bindande påmelding til medisinsk poliklinikk på telefon 71 12 23 00.

 

Utgifter og refusjon

Kursavgift: 320 kroner (førast på eigendelskortet). Ved forfall utan beskjed blir det fakturert 690 kroner.

Lunsj: 240 kroner for begge dagane. Inkludert kaffi, té og frukt.

Faktura blir sendt i etterkant.

Meld frå ved påmelding om spesielle behov (for eksempel kost, høyrsel) og viss du ikkje vil ha lunsj.

Informasjon om refusjon av utgifter blir gitt på kurset.

Invitasjon - kurs om diabetes type 2.

Velkomen!