Diabetes type 2 - Volda

Skaff deg kunnskap om sjukdomen og kva som er den aktuelle behandlinga for deg.
Ynskjer du å ha med ein pårørande, melder du frå om det.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Ta kontakt med fastlegen og be om ei tilvising til Startkurset. Du har rett på sjukmelding for kursdagane.

Ynskjer du å ha med ein pårørande, melder du frå om det.
Delar av programmet kan vere svært aktuelt for pårørande.

Pårørande treng ikkje tilvising.

Om kurset

Å leve med diabetes kan vere krevande. Samstundes er det godt å vite at du sjølv kan gjere mykje for å halde sjukdomen stabil. God kunnskap om diabetes kan gjere det enklare å leve med sjukdomen.

Du har ein viktig rettleiar i fastlegen din. I tillegg har du rett på opplæring. Mange har nytte av eit meir intensivt kurs, for å auke kunnskap og få motivajon, til å gjere dei endringane i livsstil som er naudsynt.

Startkurset er ein god måte å kome i gang på. Der får du utveksle erfaringar med andre med diabetes.
Tilbakemeldingane frå tidlegare kursdeltakarar er svært positive.

Innhald

På kurset vert det teke opp ulike tema:

  • Kva er diabetes?
  • Behandling.
  • Fastlegen/diabetesteamet si rolle
  • Årskontroll
  • Eigenkontroll av blodsukker
  • Risikofaktorar og seinskader
  • Kosthald
  • Fysisk aktivitet
  • Korleis leve vidare med diabetes
  • Det vert lagt vekt på utveksling av erfaringar.

I tillegg til kurset får du tilbud om individuell vurdering hjå lege og fysioterapeut ved diabetes poliklinikk.

Kurset vert halde av fleire fagfolk:
Lege,diabetessjukepleiar, ernæringsfysiolog, fysioterapeut og ein brukarrepresentant som sjølv har diabetes.

Eigenaldel og rettigheiter

Kurset blir refundert gjennom vanleg frikortordning.
Du betaler kr 150 for kaffi/te/frukt.
og for lunsj eine dagen.

Du har rett på å få dekka reiseutgifter.

Meir om eigenandel og rettigheiter

Fann du det du leita etter?