Er du mellom 16 og 23 år og har mista ein som står deg nær?

Gruppeopphold, 16.09.2016-18.09.2016

Vi ønskjer deg velkomen til helgesamling i Innerdalen 16.-18. september 2016.

For deg som har mista ein du er glad i

Arrangementet er eit initiativ frå Helse Møre og Romsdal med støtte frå Kreftforeningen. Tilbodet om helgesamling går til dei som har opplevd dødsfall i nære relasjonar, uavhengig av dødsårsak og når det skjedde.

Det er ingen eigendel, alle utgifter blir dekte.

Når og kor

Dato
16.09.2016-18.09.2016 
Klokkeslett
 
Stad
Renndølsetra, Innerdalen.
 
Arrangør
Helse Møre og Romsdal med støtte frå Kreftforeningen 
Kontakt
E-post: helgesamlingforungdom@gmail.com 

sms/tlf: 950 21 421, Håvard Ervik
sms/tlf: 932 65 217, Wenche Sørbye

Påmeldingsfrist: 6. september
 
Meir informasjon
For deg som har mista ein som står deg nær (Facebook) 

Mål for helga

  • Moglegheit til å dele erfaringar med andre i ein liknande situasjon gjennom felles aktivitetar og gruppesamtalar
  • Inspirasjon til å jobbe vidare med eigen livssituasjon
  • Bygge opp tryggleik og gjere deg i stand til å meistre livssitasjonen


 

Program

Fredag

Felles bilkøyring frå Kristiansund og Molde. Vi avtaler nærare når du melder deg på. Turen er for alle som bur i Møre og Romsdal.

17:00 Samling i Valldalen før vi går til hytta.

19:00 Velkomen, presentasjon, info om helga

20:00 Middag

21:00 Fritid og fellesskap

Laurdag

09:00 Frukost

10:15 Samtale om vanlege sorgreaksjonar hos ungdom

11:15 Samtale i grupper

13:00 Lunsj

14:00 Fritidsaktivitetar

17:15 Kort oppsummering

19:30 Middag

20:30 Fritid og fellesskap

Søndag

09:00 Frukost

10:00 Samtale om vegen til god meistring

10:45 Samtalegrupper

12:00 Avslutning

13:00 Lunsj

14:30 Vi går tilbake til parkeringsplassen og køyrer heim


 

Overnatting

Vi skal overnatte på Rennedølsetra i Innerdalen. På denne setra er det 20 senger på trivelege rom, med plass til 2-4 senger. Vi blir omkring 10 deltakarar og bruker fellesrom på setra til samlingar.

Aktivitetar

I løpet av helga blir det nokre temasamlingar inne i hytta. Vi synest det er viktig at vi også får oppleve den fine naturen i Innerdalen. Vi legg opp til balansekunst, rappelering, zipline og andre spennande aktivitetar, viss du vil delta på det. Aktivitetane er organisert av Natur og Utfordring AS.

Deltaking 

Vi leier felles temasamling. Det er opp til kvar enkelt kva ein vil fortelje og korleis ein vil delta i samtalane. Gruppeleiarane har god erfaring frå grupper med barn og ungdom. Den som ønskjer det får også tilbod om individuelle samtalar.

Leiarar

Ta gjerne kontakt med ein av oss viss du har spørsmål eller vil undersøke nærare om dette kan vere aktuelt for deg.

Håvard Ervik
Sjukhusprest i Molde
Tlf 950 21 421

Mona Molund
Sosionom
Kristiansund sjukehus
Tlf 924 48 348

Geirunn Hanneseth
Spesialpedagog i opplæringstenesta, Kristiansund
Tlf 926 31 885

Brynulf Bakkenget
Familieterapeut i Kristiansund
Tlf 975 69 591

Renndølsetra 

Hytta ligg i flott natur i Innerdalen. I desse omgivnadane kan du kjenne at skuldrene senker seg etter mas og kjas i dagleglivet.

I løpet av helga skal vi bevege oss ut i naturen og inn i vår eiga historie. Staden opnar for begge reisene.

Renndølsetra - Innerdalen