Gruppe for personar med sosial angst - Ålesund

Gruppeopplæring, DPS poliklinikk Ålesund

Gruppetilbodet er for personar som har sosiale fobiar som hovud- eller bidiagnose.
Evt . andre som slit i sosiale situasjonar.

Målsetting:

Lære å forstå angsten

Kjenne att angstutløysande situasjonar, tankar og tryggleiksstrategiar

Meistre angsten via eksponering og korrigering av negative automatiske tankar.

Tilnærming:

Hovudsakleg kognitiv tilnærming med undervisning, kognitiv åtferdsterapi og sosial ferdigheitstrening

Rammer:

10 gruppemøter á 2 timar
inklusiv pause.

8 – 10 deltakarar.

Dagsorden:
- runde med forventningar/erfaringar
- tema
- eksponering
- heimeoppgåver

Det vert igangsett grupper når det er påmeldt mange nok deltakarar.

Før oppstart i gruppe får alle pasientane individuelle samtalar for kartlegging og utgreiing

Saman med terapeuten finn ein ut om gruppetilbodet er den rette behandlinga no.

Informasjon i pdf

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Du må ha tilvising frå lege for å delta på gruppebehandlinga.
Fastlegen kan tilvise deg til behandling i spesialhelsetenesta.

Når og kor

Stad
Ålesund sjukehus
Du møter på Vaksenpsykiatrisk  poliklinikk..
Det er i bygget som ligg nordaust for sjukehusblokkene.
 
Arrangør
DPS poliklinikk Ålesund
 
Kontaktinformasjon
Gruppebehandlingsteamet
Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
Ålesund
 

Eigendel:

Du betaler ein eigendel/ frikort som ved eit anna poliklinisk besøk.

Sjukemelding:

Dersom du treng sjukmelding, kontakt fastlegen din

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.