Helsepedagogikk

Kurs, Læring og meistringssenteret

Lærings- og meistringssenteret arranger kurs i helsepedagogikk fast 1-2 gonger i året i Møre og Romsdal. Kurset varar tre dagar.

Tema

Pedagogikk i helsetenestene, brukarmedverknad, presentasjonsteknikk, gruppe- og gruppeprosessar, didaktikk mm

Målgruppe:

Tilsette i Helse Møre og Romsdal, kommunar og frå 2017 vert også brukarrepresentantar invitert med på kurset.

Målsetting med kurset:

Sette tilsette og brukarrepresentantar i stand til å gjennomføre og utvikle gruppebaserte opplæringstiltak for pasientar og pårørande.

Neste kurs

Neste kurs er planlagt 16. og 17.oktober i Ålesund i tillegg til ein oppfølgingsdag. Interesserte kan ta kontakt med lærings- og meistringssentet.

Kurset er gratis.

Når og kor

Arrangør
Lærings- og meistringssenteret
 
Kontakt
Toril Kvisvik, seksjonsleiar
Telefon
71 12 09 99 / 957 81 432
E-post
toril.kvisvik@helse-mr.no