Hjerneskade - dei usynlege vanskane

Kurs, 11.03.2017, Mork rehabiliteringssenter

Mork rehabiliteringssenter inviterer til pårørandedag med fokus på dei usynlege vanskane etter hjerneskade (t.d. etter hjerneslag, fallulykke, trafikkulykke, hjernesvulst). 

Dei usynlege vanskane kan mellom anna vere nedsett hukommelse og konsentrasjon, endringar i humør, initiativ eller ork, eller vanskar knytt til planlegging og struktur. Vi vil knytte dette opp mot kommunale tenester som kan vere aktuelle i ein slik situasjon. Mange av innlegga vil vere aktuelle uavhengig av diagnose.

Pårørande ein viktig ressurs

Når ein som står deg nær blir utsett for skade eller sjukdom, vil dette føre med seg belastningar og endringar i livssituasjonen også for deg som pårørande. Som pårørande vil ein vere ein viktig ressurs og ein nødvendig støtte for personen som skal meistre tilværet etter skade eller sjukdom. Samtidig kan ein ha behov for støtte og hjelp til å meistre sin eigen livssituasjon. Med utgangspunkt i dette, inviterer vi til ein undervisningsdag med fokus på pårøranderolla. Målet er å bidra med aktuell informasjon og refleksjon, og å vere eit møtepunkt for personar i same situasjon. Dagen er retta mot deg som pårørande, men er også open for den som er pasient. Vi har også tidlegare arrangert samling for pårørande på Mork.

Når og kor

Dato
11.03.2017 
Klokkeslett
10:00-15:30 
Stad
Mork rehabiliteringssenter
  
Arrangør
Mork rehabiliteringssenter
 
Kontakt
Påmelding til mork@helse-mr.no eller på telefon 70 16 89 00.
Påmeldingsfrist: 3. mars
 

Program

Det kan kome endringar.

10.00 Velkommen/ introduksjon
10.15 Usynlege vanskar v/ ergoterapeut Marte Husøy
10.45 Pårørande - roller og samhandling v/ legespesialist Tonja Pantelatos
11.15 Samhandling mellom kommune og brukar v/ representant frå Ørsta kommune
12.00 Felles lunsj
13.00 Brukarinnslag: «Våre erfaringar med Brukarstyrt personleg assistent og kommunale tenester» v/ Lisbet Sæter
13.45 Brukarstyrt personleg assistent – fritidskontakt – kvardagsrehabilitering, kva rettar har eg? v/ sosionom Eli Skaatun
14.15 Samtalegrupper
15.15 Felles oppsummering
15.30 Slutt

Påmelding

Vi har diverre avgrensa plass (maks 30 personar), og tar i mot påmelding etter "først til mølla"-prinsippet.

Ved påmelding har vi behov for namn, telefonnummer, og evt. informasjon om allergiar eller andre aktuelle omsyn.

Pris

Pris for temadagen er kr 200,- pr. person. Inkluderer lunsj, kaffi/ te og forfriskingar. Betaling til 6562.05.15811 (merk betalinga med «Pårørandedag mars-17» og namn). Vi har diverre ikkje høve til å tilby overnatting på Mork denne helga.