Hjerneskule - Ålesund

Gruppeopplæring, 18.04.2017-28.04.2017, Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering

Har du hatt hjerneslag, skade eller sjukdom i hjerna? Hjerneskulen er eit meistringskurs for menneske med kognitiv svikt etter erverva hjerneskade.

Hjerneskulen er eit gruppebasert tilbod vi arrangerer kvart år. Tilbodet går over 8 dagar fordelt på 2 veker. Etter eit halvt år arrangerer vi ein oppfølgingsdag.

Tema på hjerneskulen

  • Hjerna si oppbygging og funksjon
  • Hjerneskadar, skademekanismar, konsekvensar
  • Kognitive vanskar
  • Rettar
  • Rehabilitering
  • Arbeidsliv
  • Samliv/familie
  • Fysisk aktivitet

Tilbod til pårørande

Tilbodet til pårørande er ein vesentleg del av hjerneskulen, då vi ser at heile familien blir ramma når eit familiemedlem får kognitiv svikt. Tilbodet til pårørande består av

  • Forsamtale
  • Samtalegruppe for nære pårørande

Målet med gruppesamlingane er å gi pårørande moglegheit til å møte andre i ein liknande situasjon, utveksle erfaringar og gjennom regelmessige gruppemøte kunne støtte kvarandre og oppleve eit fellesskap.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Fyll ut følgjande skjema for å søke om plass på hjerneskulen

Søknadsfrist onsdag 1. februar 2017.

Målgruppa er personar med kognitiv svikt etter erverva hjerneskade. Årsak til hjerneskade kan vere hjerneslag, traumatisk hovudskade (TBI), svulstar, hjernebetennelse, løysemiddelskade etc.

Kriterium for inntak

  • Personar i yrkesaktiv alder (16 - 67 år)
  • Seinforløp, ferdig med primærrehabilitering, erfaring frå dagleglivet heime, frå ca 1,5 år etter skade
  • Motivert til å arbeide med eigne utfordringar i gruppe
  • Sjølvhjelpt
  • Må ha språklege ferdigheiter


Når og kor

Dato
18.04.2017-28.04.2017 
Klokkeslett
 
Stad
Ålesund sjukehus
Åsebøen 1, 8. etasje, like ved Ålesund sjukehus.
 
Arrangør
Fysikalsk medisin og rehabilitering
 
Kontakt
Fysikalsk medisinsk ekspedisjon, telefon 70 10 57 51 (Telefontid 08.00 - 12.00 og 14.00 - 15.00)

Postadresse: Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering Ålesund sjukehus, 6026 Ålesund.

E-post: fysmedrehab@helse-mr.no 
 

Det er plass til 9-10 deltakarar på hjerneskulen. Vi er eit tverrfagleg team frå rehabiliteringssengeposten som driv tilbodet. Teamet består av nevropsykolog, overlege, sosionom, sjukepleiar og ergoterapeut. Fagpersonalet er i det daglege ein del av eit større team som arbeider med utgreiing og poliklinisk oppfølging av personar med kognitiv svikt. Teamet har også erfaring frå rehabiliteringsarbeid i døgnavdelinga.

Målsetting

Målet med hjerneskulen er:

  • At du skal fungere betre i kvardagslivet
  • At du skal få innsikt i eigen tilstand og kva dette fører til for din situasjon
  • At du skal få informasjon om kompanserande metodar og hjelpemiddel
  • At du får utveksle erfaringar med andre som har liknande vanskar 

Læringsmetodar

  • Gruppeundervising
  • Samtale
  • Erfaringsutveksling og diskusjon
  • Gruppearbeid
  • Praktisk trening
  • Jobbe med eigne mål

Å leve med kognitive vanskar

Mange pasientar med kognitive vanskar etter erverva hjerneskade opplev at deira usynlege handikap er vanskeleg å forstå for andre. Å leve med kognitive vanskar kan få konsekvensar for kva ein tenker om seg sjølv, det kan påverke familielivet, det sosiale og yrkeslivet.

Eksempel på kognitiv svikt kan vere vanskar med å hugse, kontrollere følelsar, manglande initiativ og vanskar med å planlegge aktivitetar. Nokre slike vanskar opplev ein sjølv, mens andre gongar er det ektefelle, barn eller kollegaer som merkar det mest. Kognitiv svikt kan oppstå åleine eller i lag med motoriske utfall (lammingar).

Praktisk informasjon om hjerneskulen

Eigendel

Som ved poliklinisk konsultasjon. Du kan føre eigendelen på eigendelskortet.

Lunsj

Vi serverer te, kaffi, frukt og lunsj på kurset. Pris: kr 300,-

Behov for overnatting

Dersom du har behov for overnatting kan vi hjelpe deg med å ordne dette.