Hjerneslag - Ålesund

Kurs , Det er 2 gruppeopplæringer i året, og kvart kurs går over 4 dagar (1 dag pr. veke) , Medisinsk sengepost 5 Ålesund

Gruppeopplæring for pasientar og pårørande.

Hensikta er å gi pasientar som har hatt hjerneslag og deira pårørande opplæring med fokus på informasjon. Dette for at dei skal få auka kunnskap om hjerneslag og korleis dei best kan leve etter hjerneslaget.

Gruppeopplæringa er tilrettelagt pasientar 3 - 6 mnd etter gjennomgått hjerneslag. Pasientane skal ikkje bu på sjukeheim eller ha annan alvorleg langtkomen sjukdom. 

Det er ønskeleg at ein tek med pårørande slik at dei også kan lære om sjukdommen. Opplæringa er tverrfagleg, det vil seie at det vil delta tverrfaglege yrkesgrupper på opplæringa.

Når og kor

Tid
Det er 2 gruppeopplæringer i året, og kvart kurs går over 4 dagar (1 dag pr. veke)
Klokkeslett
 
Stad
Åsebøen 11 (8. etasje), aust for Ålesund sjukehus. Når du tek av frå E136 på ÅSE, nedover mot Ålesund sjukehus. Blokk 11 ligg oppafor Åsetorget (Spar butikk) til høgre for blokk 9.
 
Arrangør
Medisinsk avdeling post 5 Ålesund
 
Kontakt
Spørsmål om gruppeopplæringa kan rettast til Slagsjukepleiar Hilde Kristin Rognsø Furstrand v/Medisin 5 Ålesund sjukehus, tlf 70 10 59 10 eller 70 10 58 85.
 

Kva opplæringa går ut på


Tema ein tek opp på gruppeopplæringa er sjukdomslære for hjerneslag, fysisk aktivitet, kosthald, talevanskar og svelgvanskar, samliv/pårørande, skjulte vanskar, trygderettar og lokal slagforening for slagramma.

Tema på gruppeopplæringa

*Hjerneslag v/lege

*Kosthald v/ernæringsfysiolog

*Skjulte vanskar v/ergoterapeut

*Trygderettar v/konsulent ved Lærings- og meistringssenteret.

*Utfordringar i møte med andre  v/psykolog

*Lokal slagforening

*Medisinbruk ved farmasøyt

*Fysisk aktivitet v/fysioterapeut

*For pårørande: Snakke om utfordringar i kvardagen.


 

Eigendel og rettar

Eigendelen er kr. 345,- for pasient. Pårørande betalar ikkje eigendel.

Lunsj: Kr. 50,- pr. dag pr. person. Du får tilsendt giro for betaling både for deg og pårørande. Gi beskjed om du treng spesiell kost.

Opplæring til pasientar og pårørande i regi av spesialisthelsetjenesta er likestilt med behandling og undersøking (spesialisthelsetjenesteloven § 3-8, jamfør pasient- og brukerrettighetsloven, §2-4 og 3-2).

Deltakeravgifta/eigendelen inngår i frikortgrunnlaget, det same gjeld reiseutgiftene når vilkår for dekning foreligg.

Rullestolbrukar: Om du har behov for assistanse under opplæringa må du ta med ledsager.

Meir om kostnader, reise og refusjon finn du på helse-mr.no sine nettsider om læring og meistring.

Parkering

For dei som har handikap-bevis er der parkeringsplassar utanfor kurslokalet.

Om du nyttar personbil, parkerer du på gjesteparkeringa aust for den nye Barne- og Ungdomsavdelinga.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.