Hjerneslag - Kristiansund

Kurs, Medisinsk avdeling Kristiansund, Seksjon for kliniske støttefunksjoner Kr.sund

Dette er eit kurs for deg som har hatt hjerneslag dei siste 1-2 åra, og som bur heime. Det er også for dine pårørande.

Tema på kurset

  • Kva er hjerneslag?
  • Medisinar
  • Kosthald
  • Fysisk aktivitet
  • Meistring og erfaring i kvardagen
  • Rettar

Kurset går over fire dagar frå kl 11:00 - ca kl 14:00. Det er sett av til spørsmål og erfaringsutveksling.

Når og kor

Stad
Kristiansund sjukehus
Auditoriet.
 
Arrangør
Medisinsk avdeling Kristiansund, Kliniske støttefunksjonar Kristiansund
i samarbeid med Læring og meistringssenteret 
Kontakt
Bindande påmelding til medisinsk poliklinikk v/ Lena Eriksen. Telefon 71 12 23 00.
Påmeldingsfrist 27.09.16.
 

Utgifter og refusjon

Kursavgift:

345 kroner (førast på eigendelskortet). Ved forfall utan beskjed blir det fakturert 690 kroner.

Lunsj: 

100 kroner per dag. Inkludert kaffi, té og frukt.

Faktura blir sendt i etterkant.

Meld frå ved påmelding om spesielle behov (for eksempel kost, høyrsel) og viss du ikkje vil ha lunsj.

Informasjon om refusjon av utgifter blir gitt på kurset.

Velkomen!