Hjerneslag - Molde

Kurs for slagrammede og deres pårørende

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Du blir automatisk påmeldt når lege sender ei tilvising merka «slagkurs».
Tilvisinga sendes elektronisk til Nevrologisk avdeling, Molde sjukehus. Gi beskjed  dersom pårørande ynskjer å delta, pårørande treng ikkje tilvising.

Kvifor delta

Med kurset ynskjer vi at du og dine pårørande skal få økt kunnskap om hjerneslag, korleis førebygge nye hjerneslag og skape økt trygghet, forståelse og mestring i det å å ha opplevd eit hjerneslag.

Vi ynskjer også at du skal få møte andre med same sjukdom og utveksle erfaringar.

Vi oppmodar pårørande til å delta på opplæringa.


 

Innhald

  • Ein brukars erfaringar
  • Kosthald
  • Kva skjer ved eit hjerneslag
  • Dei skjulte vanskane
  • Tilbod til slagsrammede
  • Rettigheiter
  • Medikamentar
  • Fysisk aktivitet
  • "Det psykiske bildet"
  • Det å vere pårørande


 

Praktiske opplysningar

Bevertning: kr. 130,- pr. person pr. dag, faktura sendes i etterkant av kurset. Kaffe, te og frukt er inkludert.

Gi beskjed om du ikkje ynskjer bevertning.
Vennligst oppgi om du har spesielle behov vi skal ta omsyn til.

Rettar og eigenandel

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.

Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her


 

Nyttige nettsider

Norsk forening for slagrammede

Fann du det du leita etter?