IBD (Morbus Chron og ulcerøs colitt) - Ålesund

Kurs , Poliklinikk for mage/tarmsjukdommar Ålesund

Har du Morbus chron eller ulcerøs colitt eller er pårørande, er du velkomen til å delta på kurs!

Med dette kurset skal du få auka kunnskap og forståing av sjukdomen og korleis ein betre kan meistre kvardagen. Du får møte andre med same sjukdom, stille spørsmål og utveksle erfaringar.

Kurset går over 2 dagar.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Fastlegen eller spesialist i fordøyingssjukdomar kan tilvise deg til kurset. Vi ønskjer påmeldingar innan 6. mars 2018.

Når og kor

Dato
13.03.2018-14.03.2018
Klokkeslett
10:00-15:00
Stad
Ålesund sjukehus
Du møter på Lærings- og meistringssenteret som ligg i Åsebøen 11 i 8 etasje.
Dette er ei av blokkene som ligg nordaust for sjukehuset. Du går oppover forbi SPAR-butikken og tek til høgre.
 
Arrangør
Mage-tarmsjukdommar, poliklinikk Ålesund
 
Kontakt
Monica Tranvåg
Tlf: 70 10 58 40
 
Meir informasjon
Monika.tranvag@helse-mr.no  

Program

KURSDAG 1

10.00-10.15: Registrering
10.15-10.30: Velkommen, informasjon om IBD-skulen og forventningar ved Monika Tranvåg
10.30-11.30: Ulcerøs kolitt og Crohns sjukdom. Sjukdomsforståing og medisinsk behandling, ved gastroenterologisk overlege Ingrid P. Berset.
11.30-11.45: Pause
11.45-12.30: Ulcerøs colitt og Crohns sjukdom og tilleggssjukdomar. Hud, ledd m.m., ved Ingrid P. Berset
12.30-13.15: Lunsj. Kaffe/Te og rundstykker.
13.15-14.15: Kostrettleiing ved klinisk ernæringsfysiolog Anna Velle
14.15-14.30: Pause
14.30-15.15: Trygderettar og arbeidsliv, ved konsulent Ellen Langnes, Lærings- og meistringssenteret
15.15-15.30: Oppsummering ved Monika Tranvåg

KURSDAG 2

10.00-10.15: Velkommen og registrering
10.15-11.00: Aktuelle legemiddel ved farmasøyt Ingeborg Hammervold
11.00-11.15: Pause
11.15-12.00: Ulcerøs kolitt og Crohns sjukdom og kirurgisk behandling, ved kirurgisk overlege
12.00-13.00: Lunsj. Kaffe/te og rundstykker.
13.00-13.45: Stomiundervisning, ved stomi-sjukepleiar Mette Eidslott
13.45-14.00: Pause
14.00-14.30: Meistring av kronisk sjukdom
14.45-15.00: Evaluering og avslutning.

Praktisk informasjon

  • Du betaler ein eigendel/frikort som ved eit poliklinisk besøk, éin gong for begge dagane. Viss du er påmeldt og ikkje har meldt frå om du ikkje kan møte, må du betale dobbel eigendel.
  • Vi ønsker at du tek med ein av dine pårørande; denne betaler ikkje eigendel.
  • Både pasient og pårørande betalar 50 kroner pr. person pr. dag, for mat og drikke. Gi beskjed ved påmelding viss du har cøliaki, er vegetarianer etc.
    OBS! Hugs å gi beskjed viss du ikkje vil ha lunsj slik at du ikkje blir fakturert for denne.
  • Opplæring er likestilt med fråver i samband med behandling/undersøking og kjem difor inn under same regelverket, både når det gjeld reiserefusjon og sjukefråvær frå jobb. Meir om kostnader, reise og refusjon finn du på helsenorge.no  sine sider.


IBD-skule våren 2018

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.