IBS-skulen - Ålesund

Kurs , Poliklinikk for mage/tarmsjukdommar Ålesund

IBS (*irritable bowel syndrom*) - Å leve med irritabel tarm

Kurset er for personar med diagnosen IBS evt. med følgje av ein pårørande. Det å ha plager frå tarmsystemet er vanskeleg, og personar med irritabel tarm kan ofte oppleve at dei ikkje heilt blir tatt på alvor. Ein av fem lid av funksjonelle mage-tarmplager i løpet av livet og for mange fører dette til redusert livskvalitet. 

IBS-skulen er eit tiltak initiert av Norsk gastroenterologisk forenings interessegruppe for funksjonelle mage-tarmlidingar (FGID). IBS-skule skal gi rettleiing og støtte til den som lever med denne kroniske lidinga.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Pasienten treng tilvising frå fastlege for å delta. Pårørande trenger ikkje tilvising.

I tilvisinga skal det klart kome fram at den tilviste har diagnose IBS.

Tilvisinga skal sendast til: Ålesund sjukehus, poliklinikk for mage-tarmsjukdommar, 6026 Ålesund

Når og kor

Stad
Ålesund sjukehus
Åsebøen 1, 8. etasje
 
Arrangør
Mage-tarmsjukdommar, poliklinikk Ålesund
 

Presentasjonar frå IBS-skulen

Gastroenterologen sitt føredrag om IBS (pdf)

Kosthald ved irritabel tarm, Ernæringsfysiologen sitt føredrag (pdf)

Surdeigsbrød med spelt, føredrag frå brukarrepresentant (pdf)

Tone si handleliste, føredrag frå brukarrepresentant (pdf)

Meistring av IBS Marianne Klokk, konst. overlege PhD, fysikalsk medisin (pdf)

Fysiotrapeutiske betraktningar ved Jason Mascall (pdf)

Gode råd arbeidsliv og utdanning. Ved fagkonsulent Ellen Langnes (pdf)

Målsetting

  • Gi den enkelte auka kunnskap og forståing av sjukdommen/symptoma.
  • Gi omfattande og rett informasjon til fleire
  • Kunnskap skal bidra til auka tryggleik og meistring i kvardagen
  • Ha dialog med ei tverrfagleg faggruppe
  • Møte andre i same situasjon, lære av erfaringane til andre

Tema – m.a

Sjukdomslære, førekomst, årsaker, symptoma, behandling, kosthold, låg FODMAP, forsking, fysisk aktivitet og meistring. Føredragshaldarar: gastroenterolog, sjukepleiar, fysioterapeut, ernæringsfysiolog, psykiater, brukarrepresentant frå Landsforeningen mot fordøyelsesjukdommar og sosionom frå lærings- og meistringssenteret. Det blir servert låg-FODMAP og glutenfri lunsj. 

Pris

Eigendel etter gjeldande takstar - kan skrivast i eigendelskortet. Gratis ved frikort. Pårørande gratis. Avbestilling seinast 24 timar før kurset. Dersom ein ikkje møter til avtalt kurs, krev sjukehuset ein eigendel etter gjeldande takstar. Dette gjeld og om du har frikort.

Påmelding

Pasienten treng tilvising frå fastlege for å delta. Pårørande trenger ikkje tilvising.I tilvisinga skal det klart kome fram at den tilviste har diagnose IBS. Tilvisinga skal sendast til: Ålesund sjukehus, poliklinikk for mage-tarmsjukdommar, 6026 Ålesund.

Ansvarlege

Kurset vert arrangert av poliklinikk for mage-tarmsjukdommar, Ålesund sjukehus i samarbeid med lærings- og meistringssenteret.

Dag Arne L. Hoff, gastroenterolog mage-tarm

Synnøve Herje, kurskoordinator for IBS, sjukepleiar

Nyttig informasjon for deg som har IBS

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.