Informasjonsmøte om ME - Molde

Temakveld , 27.02.2018 , Læring og meistringssenteret

27. februar får Molde besøk av generalsekretær i ME- foreininga, Olav Osland, med fleire, som vil ha et informasjonsmøte om blant anna utfordringar med å utgreie, diagnostisere og behandle.

ME-foreininga er 30 år, og i den samanhengen blir det arrangert informasjonsmøter rundt om i landet. Vi får også høyre om korleis det er å leva med ME, og om foreininga sitt arbeid.

Mest kvinner

ME rammer menneskjer i alle aldra, begge kjønn og alle etniske grupper.
I 80 prosent av tilfella oppstår ME akutt etter infeksjon, 70 – 80 % er kvinner.
Studiar tyder på at ME rammer 0,2 – 0,4 % av befolkninga.
Det utgjer 10.000 – 20.000 tilfelle i Norge.

ME kjenneteiknast spesielt ved anstrengelsesutløyst symptomøkning og sjukdomsfølelse når kroppen sin  fysiske og kognitive tåleevne overskridas. Restitusjonstida for gjenvinning av muskelstyrke, fysisk og kognitiv energi samt intellektuell kapasitet er unormalt lang. Tilstanden kan svinge i intensitet frå time til time, dag til dag eller veke til veke.

Dei vanlegaste symptoma er fysisk og kognitiv utmatting, influensafølelse, sår hals, smerter, temperaturreguleringsforstyrringar, overfølsomhet for lys, lyd, lukt og berøring samt blodtrykks- og hjerterytmeforstyrringar. Kognitive vanskar omfattar nedsett konsentrasjonsevne, arbeidsminne og simultankapasitet samt reknevanskar og ordleitingsproblem m.m.

ME kan være svært invalidiserande, og alvorsgraden varierer.
Årsaka til ME er ukjent. Det er påvist funksjonsforstyrringar i en rekke organsystem. Biomedisinsk forsking pågår over heile verda for å avdekkje årsaksforhold og finne frem til ulike behandlingsalternativ.

Program:

 Kl.13.30: Innledning ved Olav Osland, Generalsekretær i Norges ME- forening
 Kl.13.40: «Å leve med ME»
 Kl.13.55: ME som sykdom. Utfordringer med utredning,  diagnostisering og behandling
kl.14.15: Pause
kl.14.30: Hva gjør Norges ME forening?
Kl.14.45: Diskusjon, spørsmål og svar
Kl.15.30: Slutt


Møtet er åpent for alle. Enkel servering.

Når og kor

Dato
27.02.2018 
Klokkeslett
13:30-15:30
Stad
Folkets Hus, FFO`s lokaler i Storgata 9. Molde
 
Arrangør
Lærings- og meistringssenteret
i samarbei med Norges ME-forening 
Kontakt
Kari Anne Nerland, LMS. Tlf. 476 63 021/71 21 77 85
 
Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.