IPS - Målretta samarbeid som forpliktar

Fagseminar, 07.12.2016, Klinikk for psykisk helsevern, DPS Molde poliklinikk

Pasientar med psykiske lidingar skal få moglegheit til å kome i ordinært arbeid.

Behandlingsteam ved DPS Molde med jobbspesialistar frå NAV Molde har fokus på at pasientar med psykiske lidingar, som ønsker det, skal få moglegheit til å kome i ordinært arbeid.

God internasjonal dokumentasjon viser at ein tilnærming med individuell jobbstøtte (IPS- Individual Placement and Support) bidreg til høgare deltaking i arbeidslivet, noko som gir betre helse og meir trivsel for den enkelte. Molde IPS er ein av åtte PILOTAR i Noreg som prøver ut denne modellen for samhandling.

Når og kor

Dato
07.12.2016 
Klokkeslett
09:00-15:30 
Stad
Bjørnsonhuset Scandic Seilet Hotel Molde
 
Arrangør
Klinikk for psykisk helsevern, DPS Molde, allmenpsykiatrisk poliklinikk
i samarbeid med NAV Møre og Romsdal, NAV Molde, Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Mental Helse Møre og Romsdal  
Meir informasjon
Lenke til meir informasjon og påmelding (deltager.no) 

Tilsette i Helse Møre og Romsdal skal melde seg på via læringsportalen (intern).

Program for dagen

09:00 Registrering
10:00 Opning ved Fylkesdirektør i NAV Stein Veland og
Avdelingssjef for DPS Nordmøre og Romsdal Hans Bjørn Vikhals
10:20 IPS-pilotane i Noreg – eit samarbeid mellom Arbeids- og velferdsdirektoratet og Helsedirektoratet representert ved Kristin Hjerpås, seniorrådgivar i Arbeids- og velferdsdirektoratet
10:50 Arbeidsfokus på DPS-samarbeid med NAV – Rådet for psykisk helse ved PROBA Samfunnsanalyse
11:30 Lunsj
12:30 Employment for people with mental health problems: The central role of healthcare professionals by Dr. Rachel Perkins BA, MPhil, PhD, OBE
13:30 DPS Molde – kvifor integrere ein jobbspesialist i eit behandlingsteam? Erfaringar gjennom prosjektet Molde IPS
14:15 Pasient eller arbeidstakar? Både òg? Arbeidsgivars perspektiv
14:45 Samarbeid som forpliktar - einingsleiar ved NAV Molde og prosjekteigar av Molde IPS, Anne Jorunn Vågen
15:00 «Ønske om å vere i ordinært arbeid» - Kva no?
15:30 Slutt