Kognitiv leveregelgruppe - Ålesund

Gruppeopplæring, DPS poliklinikk Ålesund

For personar med interesse for kognitiv arbeidsmetode, som ønsker å endre uhensiktsmessige mønster i livet sitt.

Målgruppe:

Personar med interesse for kognitiv arbeidsmetode, som ønsker å endre uhensiktsmessige mønster i livet sitt.

Målsetting:

Forstå samanhengen mellom tidlegare erfaringar og uhensiktsmessige reaksjonsmåtar i dag.

Prøve å utfordre og endre negative levereglar på ein systematisk måte.

Tilnærming og metode:

Leveregel-/ skjemafokusert kognitiv terapi utvikla av Jeffrey Young.

Kombinasjon av kognitive og psykoanalytiske metodar

Rammer:

Gruppene varer 2 timer, og møtes
1 fast dag i veka i 17 veker

Max 8 gruppemedlemmer

Det er ein stor fordel å ha gått i behandling tidlegare.

Det vert igangsett grupper når det er påmeldt mange nok deltakarar

Informasjon i pdf-format


Før oppstart i gruppe får alle pasientane individuelle samtalar for kartlegging og utgreiing

Saman med terapeuten finn ein ut om gruppetilbodet er den rette behandlinga no.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Du må ha tilvising frå lege for å delta på gruppebehandlinga.
Fastlegen kan tilvise deg til behandling i spesialhelsetenesta.

Når og kor

Stad
Ålesund sjukehus
              Oppmøte
Du møter på Vaksenpsykiatrisk  poliklinikk..
Det er i bygget som ligg nordaust for sjukehusblokkene.
 
Arrangør
DPS poliklinikk Ålesund
 
Kontaktinformasjon
Gruppebehandlingsteamet
Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
Ålesund
 

Eigendel:

Du betaler ein eigendel/ frikort som ved eit anna poliklinisk besøk.

Sjukemelding:

Dersom du treng sjukmelding, kontakt fastlegen din

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.