KOLS - Volda

Kurset er for deg som har fått diagnosa kols og som bur på Sunnmøre. Pårørande er velkomne til å delta på kurset.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Du må henvisast til kurset. Fastlege eller spesialist i lungesjukdommar kan henvise deg til kurset
Frist 20. august 2020
Du blir kontakta når henvisning er mottatt, og får tilsendt endelig program.

Målgruppe

Kurset er for deg som har fått diagnosa kols og som bur på Sunnmøre. Pårørande er velkomne til å delta på kurset.

Mål

På kurset får ein informasjon om kols og møter andre med same sjukdom.
Målet er at ein etter kurset skal meistre kvardagen med kols på ein betre måte og få betre livskvalitet

Tema

  • Kva er kols
  • Stabil fase
  • Forverringer
  • Medikamentell behandling
  • Ulike typer inhalatorer
  • Fysisk aktivitet og kols
  • Pusteteknikk
  • Sekretmobilisering
  • Kosthald og kols
  • Mestring og kols
  • Å leve med kols
  • Økonomiske rettigheter (Tryderettigheter)

Inhalasjonsmedisiner

Ta med eigne inhalasjonsmedisiner. Desse kan vere nyttig å ha med når ein går igjennom dei ulike inhalatorane

Sterke lukter

Mange reagerer på sterke lukter, unngå parfyme og godlukter desse to dagene.

Utgifter/kostnad:

Du må betale ein eigenandel på 351kr for begge dagane, om du ikkje har frikort. Pårørande er gratis.
Dersom du melder deg på og ikkje møter, vil du bli fakturert med dobbel eigenandel.

Dersom ein ynskjer lunsj, betaler ein 50kr for denne per dag.

Opplæring er likestilt med fråvær i samband med behandling/ undersøking og kjem difor inn under same regelverket, både når det gjeld reiserefusjon og sjukefråvær frå jobb.

Fann du det du leita etter?