Kurs for deg som er ramma av slag

Kurs, 18. og 25. oktober 1. og 8. november 2016, Medisinsk avdeling Kristiansund, Seksjon for kliniske støttefunksjoner Kr.sund

Dette er eit kurs for deg som har hatt hjerneslag dei siste 1-2 åra, og som bur heime. Det er også for dine pårørande.

Tema på kurset

  • Kva er hjerneslag?
  • Medisinar
  • Kosthald
  • Fysisk aktivitet
  • Meistring og erfaring i kvardagen
  • Rettar

Kurset går over fire dagar frå kl 11:00 - ca kl 14:00. Det er sett av til spørsmål og erfaringsutveksling.

Når og kor

Tid
18. og 25. oktober 1. og 8. november 2016
Stad
Kristiansund sjukehus
Auditoriet.
 
Arrangør
Medisinsk avdeling Kristiansund, Kliniske støttefunksjonar Kristiansund
i samarbeid med Læring og meistringssenteret 
Kontakt
Bindande påmelding til medisinsk poliklinikk v/ Lena Eriksen. Telefon 71 12 23 00.
Påmeldingsfrist 27.09.16.
 

Utgifter og refusjon

Kursavgift: 345 kroner (førast på eigendelskortet). Ved forfall utan beskjed blir det fakturert 690 kroner.

Lunsj: 100 kroner per dag. Inkludert kaffi, té og frukt.

Faktura blir sendt i etterkant.

Meld frå ved påmelding om spesielle behov (for eksempel kost, høyrsel) og viss du ikkje vil ha lunsj.

Informasjon om refusjon av utgifter blir gitt på kurset.

Velkomen!